Torsdag hadde koret i musikalen fyrste øvinga saman med skodespelarane. No er det berre èi veke att til premiere, og dei fleste byrjar kjenne på alvoret og presset dei står ovanfor.
Author Archives: Åge André Breivik
Fotografering det glitra av
Musikalen 2016 involverer ikkje berre det som skjer på scena. Før programbladet endar opp i hendene til musikalpublikummet må aktørane fotograferast. Her får du sjå bilete av korleis det gjekk føre seg.
Trykkjer skjorter til laget bak musikalen
Sjølvtrykte t-skjorter. Det ventar elevane som i desse dagar jobbar med musikalen «Goodbye Yellow Brick Road». Med logoen i heimelaga silketrykk blir det unike skjorter å sjå under musikalen.
Dei sinte er enno vakne
I høge, svarte hælar trippar Maria etter han. Ho tek tak i arma til Tomas, han snur seg og sender ho eit dystert blikk. Musikk kjem på i bakgrunnen og fyller romet. Det er krangleøving på Volda vidaregåande.
– Eg trur eg har sett 15 musikalar!
No skil sjølvsagt rektor Trond Hjelseth seg litt frå resten av dei spurde når han har sett så mange musikalar. Men me har undersøkt om folk gler seg til å sjå musikalen «Goodbye Yellow Brick Road».
Filmar musikkvideo med grøn bakvegg
Elevane på både musikk- og medielinja er godt i gong med førebuingane til musikalen 2016. Forrige veke var det innspeling av musikkvideo som stod for tur.
Vaskar sjablongen klar til skjortetrykk
Dei grafisk ansvarlege elevane ved Medielina har atter ein gong vore på spanande oppdrag. Denne gongen berre halvveis til kulturhuset, omringa av alt anna enn ei scene, rekvisittar og tome stolar.
Dansar seg klare til musikal
Klokka er 12.30, og den fyrste av fleire danseøvingar denne dagen er i gong. Energinivået er høgt, stemninga er god og alle ser ut til trivast. Det er andre veka med øvingar, og i dag øvar dei på ein heilt ny dans.
Frå skisser til ferdig logo
Medielina er allereie godt i gong med forarbeidet til årets musikal. Martin Bahl og Marie Haugen frå 2MK er to av dei som strevar for å gjere alt det grafiske klart.
– Eg vil gjerne ha ei større rolle seinare
– Eg skal ikkje påstå at eg er flinkare i drama eller song enn andre, seier Kjartan Van Djik Festøy. Han går i fyrsteklasse på musikklinja, og seier det hadde vore kjekt å hatt ei rolle i årets musikal, men tenkjer det er heilt greitt slik det er no.