Elevane jobbar hardt for å få klar logoen til presentasjonen. Foto: Stine Løseth
Elevane jobbar hardt for å få klar logoen til presentasjonen. Foto: Stine Løseth

Medielina er allereie godt i gong med forarbeidet til årets musikal. Martin Bahl og Marie Haugen frå 2MK er to av dei som strevar for å gjere alt det grafiske klart.

Tekst: Anna Hjelle

Martin Bahl er ein av dei som har jobba med logoen. Foto: Malin Nordby Kvamme
Martin Bahl er ein av dei som har jobba med logoen. Foto: Malin Nordby Kvamme

– Oppgåvene vi på grafisk design har er alt frå kulisser, trykksaker, logo og webdesign. Eg jobbar hovudsakleg med digitale kulisser, men no i starten hjelper eg til med logodesign. Det er veldig viktig for oss å tenkje på at alt vi lagar skal vere relevant for historia, og at det ser ekte ut med tanke på tidsrommet historia foregår i, seier Martin.

Rundt bordet sit sju konsentrerte elevar med kvar sine prosjekt. Tavla er eit rot av idéar som er streka ut, og læraren går rundt og ser på arbeidet.

– I år har vi ikkje berre éin, men to, logoar å lage. Og det går overraskande greitt, i grunnen. Vi er einige om det meste og samarbeider godt, fortel Martin fornøgd.

Den grafiske jobben for musikalen på Volda vidaregåande er det elevane i andre klasse på medium og kommunikasjon som står for.

– Dette er veldig interessant arbeid, og det er spesielt kjekt å sjå kor mykje ein idé kan forandre seg frå skissestadiet til den blir eit ferdig produkt, seier han.

Mange ulike idear vart presentert for musikklærarane. Foto: Malin Nordby Kvamme
Mange ulike idear vart presentert for musikklærarane. Foto: Malin Nordby Kvamme
Sondre Riise Åm viser fram nokre av forslaga til logo. Foto: Malin Nordby Kvamme
Sondre Riise Åm viser fram nokre av forslaga til logo. Foto: Malin Nordby Kvamme

– Vi hadde møte med musikklærarane, regissør og manusforfattar, der vi viste dei det arbeidet vi har gjort så langt. Etter dette fortsatte vi på designgruppa å vidareutvikle og forbetre dei allereie eksisterande logoane. Det var på tysdag forrige veke at vi vart kalt inn på eit nytt møte, og endeleg fekk valgt ut logoen som fall mest i smak, fortel prosjektleiar, Marie Haugen.

Men jobben med logo til “Goodbye Yellow Brick Road” stoppa ikkje der.

– Musikklærarane ville at silhuettane i logoen skulle vere av dei faktiske medlemmane i bandet. Det vart raskt planlagt ein photoshoot, og no sit vi her med det ferdige produktet, fortel Marie.

Ho forsikrar om at det ikkje vert noko rolegare framover, berre fordi dei er ferdig med logoen. No er det utforming av digitale kulisser, plakat, programhefte og t-skjortetrykk som står for tur.

Logoen til musikalen «Goodbye Yellow Brick Road» ser du øvst på denne nettsida. Musikalen har premiere 17. februar på Ørsta kulturhus.

Chris Skjærvik viser fram ideane sine for dei involverte lærarane. Foto: Malin Nordby Kvamme
Chris Skjærvik viser fram ideane sine for dei involverte lærarane. Foto: Malin Nordby Kvamme