Kulissane for Musikalen 2016 er under produksjon. I førre veke var ei gruppe frå medium og kommunikasjon i Ørsta for å måle opp kor stort område dei kan projisere på. 

Projection mapping er altså ein måte å projisere bilete på kvite overflater, for å skape digitale kulissar. Dette blir ein viktig del av kulissane i «Goodbye Yellow Brick Road» som får premiere på Ørsta kulturhus 17. februar. Billettane finn du på nettsida til kulturhuset.

Video: Hallvard Rotevatn, Anna Hjelle og Elias Nygård