
– Eg skal ikkje påstå at eg er flinkare i drama eller song enn andre, seier Kjartan Van Djik Festøy. Han går i fyrsteklasse på musikklinja, og seier det hadde vore kjekt å hatt ei rolle i årets musikal, men tenkjer det er heilt greitt slik det er no.
TEKST: Martine Leine Rafteseth
– Vi er veldig mange talentfulle folk på musikklinja, når det kjem til det eine og det andre.
Han seier at han ved ei seinare anledning trur det hadde vore kjekt å ha ei rolle.
– Kanskje ikkje direkte song, men drama er veldig gøy, legg han til.
Kjartan er med på ein dans og syng i koret saman med resten av elevane frå musikklinja.
– Vi har mange songar vi skal lære, koret har øving kvar onsdag.
No er det berre to veker att før musikalveka sett i gong, og for elevane er der difor mykje som skjer på alle frontar.
– Vi har ein del som skjer i dei vanlege fellesfaga, må øve på songane, og så har eg anna eg driv med på fritida. Eg er avhengig av å prioritere riktig, og det er vanskeleg.
Trass i mykje arbeid etter skuletid, så har musikklinja lenge vore i eit fastsett mål for Kjartan.
– Dette visste eg allereie i 8. eller 9. klasse ved ungdomsskulen.

Sjølv spelar Kjartan cello, og har sidan den tid vore motivert til å ta det ”eit steg vidare”. Han meiner musikklinja har mykje å tilby elevane.
– Den gir eit veldig godt tilbod når det kjem til lærarar og øvingsmoglegheiter. Så no slepp eg å betale ved kulturskulen ettersom alt går gjennom skulen.
Han har stor tru på at musikalen blir vellukka, spesielt sidan der er så mange flinke fagpersonar innblanda.
– Eg veit at mellom anna Bente-Elin er svært flink på sitt felt, ettersom eg har vore med på ein musikal med henne i 7. klasse. Det var veldig kjekt.
I fjor fekk Kjartan igjen, saman med alle 10. klassene i distriktet, innblikk i kva musikalen går ut på, då dei var på førestillinga ”Be Our Guest”. Han synest den var svært god.
– Det som er fint er jo at musikalen er sett opp i midten av februar, medan søknadsfristen er 1. Mars.
Han påpeikar at dette kan gi ekstra motivasjon til usikre elevar ved 10. klasse, trass i at der ikkje var nokon tvil hos han.
Premieren på musikalen «Goodbye Yellow Brick Road» er onsdag 17. februar. Billettar finn du på nettsida til kulturhuset.