Gunnar Aurdal er manusforfattar for musikalen "Goodbye Yellow Brick Road". Foto: Martine Leine Rafteseth
Gunnar Aurdal er manusforfattar for musikalen «Goodbye Yellow Brick Road». Foto: Martine Leine Rafteseth

Det var ikkje planlagt, og det tok nokre år. Berre nokre veker før musikalpremieren fortel manusforfattar Gunnar korleis ideen vart født.

For tre år sidan sat Gunnar Aurdal på Gardermoen saman med tredjeklassingane ved musikklinja. Dei var alle på veg til London på klassetur. Gunnar hadde Elton John sin musikk på øyra, og det var nettopp her, like før flyavgang, at han kom fram til idéen for årets musikal.  

– På flyplassen så hørte eg på låta Yellow Brick Road, og plottet landa eigentleg i hovudet mitt. Og så byrja ideane å kome.

Idéen rundt, det å lytte på tekstane og finne ein story – det har teke lang tid. Gunnar seier at han trulig har brukt rundt to år på dette, medan sjølve manuset berre tok nokre få dagar å skrive. Han meiner at det viktigaste for framgangen har vore det å ha musikken tilgjengeleg heile tida.

– Når eg har klipt graset har eg hatt musikken på øyrene. Det har vore slik i bilen, overalt eigentleg; ein høyrer på det og så dukkar det opp små idear, andre gongar større.

Gunnar kan røpe at det er musikken til Elton John og tekstane til Bernie Taupin, som er sentral i årets musikal.

– Det er eigentleg ein veldig fin musikk å byggje storyen på, det er på mange måtar lett og fin musikk, samtidig den har drama. Den kan vere søt, rå og mykje forskjellig, så slik byggjer det godt under storyen, føler eg.

På spørsmålet om han trur dette vert tidenes musikal kjem latteren. For Gunnar lev alle musikalane i si eiga, unike boble.

– Det er som å spørje om ein trur dette blir tidenes barn. Eg har trua på alle borna, men har verkeleg trua på at dette vert ein “Killer”.  

Gunnar har vore lærar ved musikklinja på Volda vidaregåande skule sidan hausten 2009. Under fyrste musikalen i 1997, West Side Story, var han derimot med som elev.

Gunnar Aurdal skreiv musikalen "Kingdom of Desire" i 2013. Han har vore kapellmeister i orkesteret siste musikalane.
Gunnar Aurdal skreiv musikalen «Kingdom of Desire» i 2013. Han har vore kapellmeister i orkesteret siste musikalane.

Eg hadde gitar som hovudinstrument og fekk synge ein solosong, samt synge i koret som bestod av 5-6 personar.

Allereie i 2013, med “Kingdom Of Desire”, debuterte Gunnar som manusforfattar for musikalen. Dette blir andre musikalen han har utvikla.

– Eg hadde vel eigentleg ikkje noko plan om å skrive eit nytt manus, men det dukka opp, og då var eg klar for det!”

Musikalen 2016 har premiere på Ørsta kulturhus, 17. februar. Billettar får du på orsta.kulturhus.no.

Tekst: Martine Leine Rafteseth