Klokka er 12.30, og den fyrste av fleire danseøvingar denne dagen er i gong. Energinivået er høgt, stemninga er god og alle ser ut til trivast. Det er andre veka med øvingar, og i dag øvar dei på ein heilt ny dans.
TEKST: Knut Espe Bae og Simon Grøtta Helset
– Eg gledar meg til å få oppleve heile prosessen. Sjølv om dette er fyrste gong eg deltek i ein musikal, har det våre kjempe kjekt so langt og eg gledar meg til resten av prosessen, fortel Erlend Ødegaard.
– Det er veldig mange songar og dansar vi skal lære, så eg blir nødt til og øve heime også. Eg trur eg kan få litt prestasjonsangst, men det skal nok gå fint, legg Erlend til.
Dette er det tjuande året med musikal, og elevane kan trygt stadfeste at dei gler seg stort til å delta.
– Eg skal danse på ein song, og for det meste synge i kor. Dette passar meg fint, sidan eg synest å synge i kor er kjempekjekt, seier Kjartan Van Dijik Festøy.
– Det kjekkaste so langt, må vere kor øvingane, legg han til.
Musikalen er eit samarbeid mellom dei to linene Musikk, Dans og Drama og Medium og Kommunikasjon ved Volda Vidaregåande Skule. Årets musikal, “Goodbye Yellow Brick Road”, har ei historie som baserer seg på musikken til Elton John og tekstane til Bernie Taupin. 17. februar går teppet opp på Ørsta Kulturhus.