Dei grafisk ansvarlege elevane ved Medielina har atter ein gong vore på spanande oppdrag. Denne gongen berre halvveis til kulturhuset, omringa av alt anna enn ei scene, rekvisittar og tome stolar.

Tekst og foto: Martine Leine Rafteseth

Torsdag 28. Januar klokka 12.30 kjørte tre bilar frå Volda vidaregåande i retning Ørsta. I dei sat spente elevar og lærarar. Vel framme på kontoret til Rufo i Hovdebygda var praten godt i gong, medan fingrar peika entusiastisk på skjermane. Videokamera filma lydlaust, medan kamera diskret sneik seg rundt og knipsa.

Det heile starta med ei heimesnikra treramme, silkeduk og lysreagerande maling. Etter to timar var prosessen ferdig testa, og resultatet å sjå kvit på svart – bokstavlig talt. Nysgjerrige andlet bøygde seg håpefult over bordet medan blikka granska det flotte synet.

I bakgrunnen, iført snikkerbukse, hørselsvern og ei slitt t-skjorte, stod ein av arbeidarane; supa kaffi og observerte umerka.

Tradisjon tru har ein hatt t-skjorter iført logoen til musikalane, og i år er ingen unntak. Derimot er prosessen annleis. Produkta kjem ikkje ferdig prenta i kasser. Malingslukt, sveitte og slitne armar skal snart dominere i vaktmeisterbustaden på skulen.

Etter litt pesing kan nok elevar og lærarar ved den grafiske gruppa puste ut og kjenne seg stolte av utretting, det er iallfall planen. Kan du tenkje deg kva dei kriblar etter å setje fingrane i? Her får du ein sniktitt!

image_pdf