Mange folk, liten plass. Siv organiserer. Foto: Martine Leine Rafteseth
Mange folk, liten plass. Siv organiserer. Foto: Martine Leine Rafteseth

Torsdag hadde koret i musikalen fyrste øvinga saman med skodespelarane. No er det berre èi veke att til premiere, og dei fleste byrjar kjenne på alvoret og presset dei står ovanfor.

Tekst: Martine Leine Rafteseth

Bak døra til kontoret sit musikklærarane og snakkar ivrig i det eg avbryt. Sola skin varmt inn vindauget, og ei munter atmosfære omringar meg. Siv er svært villig til å fortelje korleis koret ligg an, og synest det er kjekt å kunne bidra. ”Då slår eg to fluer i eit smekk og drikk kaffi no”, seier ho og flirar.

Frå og med måndag blir spente elevar og lærarar frå musikk og medielina stasjonerte på Ørsta kulturhus. Berre to dagar etter, onsdag 17. Februar, blir sceneteppet rulla til side, og musikalen 2016 – Goodbye Yellowbrick Road – presentert for håpefulle andlet.

Siv Kristin Aurdal, dirigent for koret, smiler gjerne til kamera. Foto: Martine Leine Rafteseth
Siv Kristin Aurdal, dirigent for koret, smiler gjerne til kamera. Foto: Martine Leine Rafteseth

– Vi hadde fyrste fellesøvinga førre torsdag, noko som var svært spanande for koret. Då måtte dei syngje utan notar, noko vi visste ville bli ein ”long shot”, fortel Siv Kristin Aurdal, musikklærar ved Volda vidaregåande skule.

Ho seier koret er godt i år, med mange flinke solistar. Trass i ei litt ukonsentrert øving torsdag er ikkje ho bekymra, og meiner det er slik det skal vere.

– Andre- og tredjeklassingane har vore med før, og veit at vi kjem i mål til slutt. Det er no dei fleste byrjar å kjenne presset, og øver meir heime.

Under fellesøvinga gjekk skodespelarane og koret gjennom stykket saman.

– Koret fekk vite kvar dei skulle syngje og kvar dei skulle stå. Ikkje minst fekk dei sjå skodespelet, noko som dei ikkje hadde peiling på, flirar Siv.

Alle i koret utgjer ein svært viktig del av musikalen. Trass i at mange ikkje er med på anna har ikkje dei tida til å slaske rundt no på slutten.

– Dei har om lag 15 songar dei må hugse utanåt. Vi har øving kvar onsdag, og så plar lærarane presse kor-stoffet inn i andre song og speletimar.

Siv si aller største rolle er å vere dirigent for koret, i tillegg til at ho øver med sentrale solistar. Heldigvis er der god støtte og hjelp frå kjekke kollegaar.

– Eg får veldig god hjelp med mellom anna Hildur (Sandstad Dalen, red.anm.). Ho er med i innstuderingsfasen, spelar, spelar stemmene og hjelper meg med å halde oversikta. I tillegg har vi fleire av lærarane som har arrangert og skrive ned notane som koret skal bruke.

Ho har sjølv sunge inn alle songane til hjelp for koret.

– Det er lagt til rette for at dei skal klare å øve på eiga hand, men eg trur ikkje det er før no siste veka dei fleste innser alvoret.

Ho trur lukta av kulturhuset måndag vil gjere dei meir skjerpa og spente. Då skal det meste vere på plass.

– Eg trur det blir veldig bra. Vi er der vi skal vere akkurat no; det skal vere litt spanande ei veke før, avsluttar ho og flirar muntert.

Under kan du klikke deg gjennom bilete frå øvingane til koret så langt. Premieren på «Goodbye Yellow Brick Road» er onsdag 17. februar. Billettar finn du på Ørsta kulturhus sin nettstad.