Musikalen 2016 involverer ikkje berre det som skjer på scena. Før programbladet endar opp i hendene til musikalpublikummet må aktørane fotograferast. Her får du sjå bilete av korleis det gjekk føre seg.

Foto: Stine Løseth

Premieren på musikalen er 17. februar, og før den tid skal programbladet vere ferdig trykt. Dermed måtte mange elevar på tur før helga.

Bak kamera på fotoseansen stod elevar frå medium og kommunikasjon, medan dei framfor kamera er musikkelevar. Fotograf Ma Ortiz stilte med både hjelp og studio på Liadal i Ørsta.

Sminke, glitter og god stemning fekk jobben gjort på nokre hektiske ettermiddagstimar.

Trykk på bileta for å sjå større versjonar.