Sjølvtrykte t-skjorter. Det ventar elevane som i desse dagar jobbar med musikalen «Goodbye Yellow Brick Road». Med logoen i heimelaga silketrykk blir det unike skjorter å sjå under musikalen.

Video: Elias Nygård

Tidlegare har det grafiske arbeidet til t-skjortene vore gjort av elevar, medan trykket og produksjonen har skjedd andre stader. Ikkje i år.

I år er det elevane sjølve som står for trykkinga. I videoen under kan du sjå korleis det gjekk med prøving og feiling i det provisoriske trykkeriet.

Førre veke var elevane i Hovdebygda for å lære korleis prosessen fungerer, og få laga sjablongen som skal brukast til trykket.

Her kan du sjå bilete frå korleis det gjekk, og få eit innblikk i silketrykkprosessen.

Sjå video frå trykkinga her: