Maria Kårstad og Tomas Håndlykken må øve på å vere sinte på scena til Musikalen 2016. Foto: Martine Leine Rafteseth
Maria Kårstad og Tomas Håndlykken må øve på å vere sinte på scena til Musikalen 2016. Foto: Martine Leine Rafteseth

I høge, svarte hælar trippar Maria etter han. Ho tek tak i arma til Tomas, han snur seg og sender ho eit dystert blikk. Musikk kjem på i bakgrunnen og fyller romet. Det er krangleøving på Volda vidaregåande.

Tekst: Martine Leine Rafteseth // Video: Elias Nygård

Det er onsdagskveld og klokka nærmar seg natta i Volda. Opplyste vindauge frå fjord til fjell er einaste indikasjonen på at her er liv i bygda. Haglet som tidlegare plaska ned på den kvite asfalten har gitt seg og stillheita rår. Det er ikkje mange timane att før lysa vert sløkte og folk let hovuda falle ned på puta.

På det nedre bygget til skulen kan ein i mørket skimte eit varmt lys breie seg frå eine klasseromet. To øvingar er lagt bak, og med ei ny framføre kan ikkje Bente Elin og skodespelarane ta kvelden heilt enno. I det fjerne kan ein høyre ein tung bankelyd presse seg gjennom den tjukke glasdøra før han forsvinn inn i veggane.

I det døra vert låst opp kjem ei glad Maria inn i varmen, iført tjukk dunjakke. Ho takkar fint, vel vitande om at det ikkje er lengje ho får holde på smilet.

– Det å vite at ein ikkje får flire gjer det ekstra vanskeleg å lat vere, seier ho.

Maria Kårstad har saman med Tomas Håndlykken ei sint scene i årets musikal. Dei meiner begge at det er vanskeleg å spele sint når dei ikkje kjenner seg sinte på ekte.

– Eg er ikkje så veldig glad i å vere sint og blir heller ikkje lett sint, men der skal eg vere ganske forbanna, og det er problematisk, seier Tomas og flirar.

Armane er stive. Med makt vert dei stramt kryssa framføre livet. Ho stirar med store, runde auge. Eit skarpt blikk, ei stiv maske. Leppene byrjar å krølle seg i det ho ser ut til å frese bittert mot Tomas. Like etter bryt latteren laus. Bente-Elin flirar òg, før ho presiserer kva som kan bli betre og korleis ho vil ha uttrykket.

Scena blir teke om att eit utal gonger medan klokka tikkar lydlaust i bakgrunnen. Romet er fylt med engasjement, musikk, sjel og latter

– Øvingane er som oftast kjekke. Det krev sitt, med tanke på at eg mykje eg driv med på fritida og skulen elles, men når eg fyrst har kome på øvingane blir det alltid kjekt og med mykje latter, seier Maria.

Vi kan ikkje røpe for mykje, men litt latter skadar ingen. Her får du eit innblikk: