– Den traff meg i hjarte

Volda-elevane innfridde forventningane nok ein gong, denne gongen ytterst i havgapet. Det var fullsett sal og stormande jubel i Fosnavåg konserthus torsdag. Der var ei forventningsfull stemning i salen då musikkelevane entra scena for siste gong på turnéen. Høgdepunkta kom som perler på ei snor, og elevane innfridde forventningane gjennom heile kvelden. På slutten av …

– Det er eineståande og fabelaktig!

I dag tok turnèbussen turen vidare til siste turnèstopp, Fosnavåg. Berre ti minutt etter dei gjekk av bussen stod musikkelevane klare for å vise delar av jubileumsførestillinga til alle rektorane i heile Møre og Romsdal. Sverre Hollen, sjefen over alle rektorane i fylket, var også tilstades. – Det er eineståande og fabelaktig! Ikkje minst at …

Rundtur på Fosnavåg konserthus

Vi har ankomt nye Fosnavåg konserthus, og utforskar området.   Inne i salen er det digert. Heile nitten radar med tjuesju sitjeplassar på kvar rad. Desse skal bli fylte i morgon då musikkelevane har sine siste førestillingar på turnèen, ytterst ute i havgapet. Det er LED-lys i trappene, og radnummera er opplyste.   Backstage er stort …