Dei «målar» kulissene på veggane

Medielærar Håvard Krøvel-Velle (med caps og skjegg i midten av biletet) og Jonas Holmen (til høgre for han) styrte kulissene på den siste framsyninga av "Be Our Guest". Foto: Åge André Breivik
Medielærar Håvard Krøvel-Velle (med caps og skjegg i midten av biletet) og Jonas Holmen (til høgre for han) styrte kulissene på den siste framsyninga av «Be Our Guest». Foto: Åge André Breivik

På bakarste benk sit det fire karar og skrur på knappar. Timinga må vere nøyaktig, for med eit tastetrykk kan dei flytte oss frå Moulin Rouge til Bangkok.

Det er musikalveke ved Volda Vidaregåande skule. Det er musikk- og medialinja som samarbeider om å lage musikalen. Ein av jobbane som media har, er å styre FX, digitale kulisser. Det vil seie å lage bakgrunnar til scena ved hjelp av visuelle effekter, bilete og videoar. Den jobben er det Sigurd Vikene, Jonas Holmen og Sondre Skogen som har saman med medielærar Håvard Krøvel-Velle. I tillegg har Kristina Tryggeseth, Yvonne Morales Solvang, Astrid Landsverk, Helga Hagen og Ingrid Nordli bidratt med teikningar og animasjonar, og Jan Mariusz Golabek med filmsekvensar.

– Å styre FX kan enten vere veldig lett, eller veldig krevjande, seier medielærar Håvard Krøvel-Velle.

Håvard Krøvel-Velle testar lys og lyd.
Håvard Krøvel-Velle testar lys og lyd.

– For at det skal fungere må ein ha tunga beint i munnen. Det er masse som kan gå gale om ein ikkje konsentrerer seg. Det kan vere både tekniske problem og menneskelege faktorar som spelar inn, fortel han.

Gruppa har støtt på nokre problem undervegs. På premièredagen i Ørsta blei det nokre hektiske minutt der dei så vidt rakk å gjere klart bakgrunnane til fyrste akt før teppet gjekk opp og showet starta. Resten av bakgrunnane måtte dei lage ferdig i den 15 minutt lange pausen. Det var heilt krise, men det gjekk.

– Vi som skal jobbe med FX må kjenne manuset like godt som dei som er på scena. Vi må vite nøyaktig når vi skal bruke det biletet eller den videoen. Vi avtalar og går gjennom alt saman med regissør, produsent og ikkje minst lyd- og lysmann, seier Håvard.

Slik blir det endringar frå gjennomgang til gjennomgang, frå premiere til neste framsyning, heilt til siste sceneteppe går opp.

Foto: Eline Korsnes Sundal
Bakgrunnen på songen «Which Witch» er laga av FX-gruppa, og inkluderer slottet midt på, og tre som flyttar på seg på sidene. Foto: Eline Korsnes Sundal

– FX er ein veldig fin og kreativ jobb. Vi byrja å bruke kinolerret til film, animasjon og visuelle effekter på «The World of Oz» i 2008, der vi skulle simulere eit dataspel. På «Killer Queen» i 2009 laga vi ein musikkvideo og hadde visuelle effekter under «The Show Must Go On». Så det var først på «Moonwalker» i 2010 vi starta så smått med nokre bakgrunnar som skulle fungere som kulisser, og no har det utvikla seg til det vi har i dag med massevis av effektar og lys og dynamiske bilete, på mest alle innslag (i år var det berre eitt nummer vi hadde «pause» på). Manusforfattar tenkjer ikkje avgrensingar, så om dei vil at ei gruve skal rase saman, då må vi få ei gruve til å rase saman. Så det er ein krevjande jobb, men ein utrulig gøy og kreativ ein, seier han.

Håvard har sjølv vore med på elleve av dei 19 musikalane musikklinja har har hatt. Den fyrste var oppsettinga av «Moulin Rouge» i 2004. I starten var han ansvarleg for nettside, det grafiske og dokfilmen om musikalen, men seinare har det handla mykje om ting som skjer på lerretet bak skodespelarane.

– Det er veldig kjekt med musikal. Dette er noko av det største som skjer i året, ikkje berre som lærar, men også som privatperson. Det er eit fantastisk prosjekt og eg er glad for å vere ein del av det, seier Krøvel-Velle.

Tekst: Markus Halse og Mats Bjørdal