Pressemelding for MUSIKALEN 2016

Volda vgs med Elton John-musikal Om under ein månad opnar sceneteppet for Musikalen 2016. Bak teppet står over 100 elevar klare. I løpet av tre dagar får nesten 2.000 tilskodarar med seg musikalen «Goodbye Yellow Brick Road» på Ørsta kulturhus. Øvingane er allereie godt i gong med det som vert Volda vidaregåande skule sin tjuande […]

– Eg kan tenke meg å vere med i musikal i framtida!

Johan Bjørkedal er tredjeklassing på musikklinja og er dermed ferdig med alle musikalane ved Volda vidaregåande for alltid. Dette året har han vore bassist i orkesteret. – Det er rart å tenke på at eg ikkje får vere med på noko liknande prosjekt igjen, seier Johan. Sjå biletgalleri frå «orkestergrava» i «Be Our Guest». Han […]

Ein strålande musikal

Årets musikal er over. Elevar og lærarar har brukt ferien til å slappe av og få tilbake energien. I gangane på nedrebygget ved Volda vgs har lydnivået senka seg.     -Det har vore ein strålande musikal, seier produsent og avdelingsleiar Jan Terje Eidset.  Han synest det har vore gøy å reise på turné og […]

– Eg er veldig glad for at eg har ein musikal igjen!

No er det snart to veker sidan musikalen stengte dørene. Elevane ved musikklinja synast det både er rart, trist men samtidig godt at ein er ferdig for i år. Anna Holen Bjørdal som går i 2.klasse på musikklinja har svart på nokon spørsmål ei stund etter musikalen. – Eg er veldig glad eg har ein […]

Orden i eit kaos av myggar og mikrofonar

Når 96 lydkanalar skal styrast gjennom ein musikal er det viktig at logistikken fungerer. Nummererte mikrofonar klar bak scena gjer at skodespelarane finn det dei treng. Fyrsteklassing Jeki Villanueva og andreklassing Eirik Trovåg Bjørneset har brukt heilt forskjellige typar mikrofonar gjennom musikalen. Eirik har brukt mygg under årets musikal og er svært fornøgd med det. […]

Biletgalleri: Orkestergrava

Orkesteret utgjorde ein stor del av årets musikal. Det har alltid vore live orkester på Volda vgs sine musikalar, men i år har dei vore meir synlege enn ved tidlegare musikalar. Somme av dei har de likevel ikkje sett, då dei har vore skjult bak filmlerreta. Her kan de derimot sjå mesteparten av dei 15 […]