Volda vidaregåande skule presenterer 20 år med musikk, dans og drama

Om musikalen

Musikalen 2015 – Be Our Guest


Musikklinja ved Volda vidaregåande feirar 20 år, med ein musikal utanom det vanlege. Be Our Guest.

Endelig er arbeidet med årets musikal frå Volda vgs i gang. Over 100 personar er med, inkludert elevar, lærarar og profesjonelle lydfolk som skal jobbe på spreng for å setje saman eit forrykande show som vil gi publikum ei god musikaloppleving.

– I år blir det eit heilt nytt konsept, seier prosjektleiar for musikklinja, Kjetil Eiksund. Han har høge forventingar og gler seg stort.

– Det blir «hits» frå alle dei tidlegare musikalane, inkludert «West Side Story», «Phantom of the Opera» og «Moulin Rouge», fortel Eiksund.

Dette er det første året musikalen skal ut på turné, og premiera er i år for fyrste gong på ein laurdag, den 7. februar ved Ørsta Kulturhus. Den fylgjande veka blir det framsyningar i både Herøy og Ulsteinvik.

- Det årlige samarbeidet mellom musikklinja og medielinja skal sørge for å skape ei jubileumsfeiring det vil gå gjetord om i mange år, seier Eiksund med eit smil.

Han peikar på at det er mange brikker som skal på plass i løpet av den korte tida som er att til premieren.

– Det er med andre ord ei spennande og forventingsfull tid for lærarar og elevar ved Volda vidaregåande, men det viktigaste er uansett at alle, både publikum og aktørar, sit att med ei positiv oppleving, avsluttar Eiksund.