– Eg kan tenke meg å vere med i musikal i framtida!

Johan Bjørkedal er tredjeklassing på musikklinja og er dermed ferdig med alle musikalane ved Volda vidaregåande for alltid. Dette året har han vore bassist i orkesteret. – Det er rart å tenke på at eg ikkje får vere med på noko liknande prosjekt igjen, seier Johan. Sjå biletgalleri frå «orkestergrava» i «Be Our Guest». Han […]

– Eg er veldig glad for at eg har ein musikal igjen!

No er det snart to veker sidan musikalen stengte dørene. Elevane ved musikklinja synast det både er rart, trist men samtidig godt at ein er ferdig for i år. Anna Holen Bjørdal som går i 2.klasse på musikklinja har svart på nokon spørsmål ei stund etter musikalen. – Eg er veldig glad eg har ein […]

Orden i eit kaos av myggar og mikrofonar

Når 96 lydkanalar skal styrast gjennom ein musikal er det viktig at logistikken fungerer. Nummererte mikrofonar klar bak scena gjer at skodespelarane finn det dei treng. Fyrsteklassing Jeki Villanueva og andreklassing Eirik Trovåg Bjørneset har brukt heilt forskjellige typar mikrofonar gjennom musikalen. Eirik har brukt mygg under årets musikal og er svært fornøgd med det. […]

Sjå glimt frå Musikalen her

Har du framleis ikkje skaffa deg billett til musikalen «Be Our Guest»? Det er ikkje for seint. Her kan du sjå nokre glimt frå premieren på laurdag.   «Be Our Guest» tek oss med på tur gjennom musikalhistoria, mellom anna «West Side Story» og «Phantom of the Opera» som du kan sjå klipp frå her. […]

Kom, opplev, ver glad for at du kom!

Gåsehud, tårer i augekroken og ei merkeleg lyst til å synge med. Har du sjansen, så gå og sjå musikalen «Be Our Guest» når me besøkjer Ulsteinvik og Fosnavåg. Tekst og foto: Medielærar Åge André Breivik, dansande inhabil. Det er ei reise gjennom musikalhistoria som blir framført av unge, vaksne stemmer. Laurdag fekk to fullsette […]