Pressemelding for MUSIKALEN 2016

Volda vgs med Elton John-musikal Om under ein månad opnar sceneteppet for Musikalen 2016. Bak teppet står over 100 elevar klare. I løpet av tre dagar får nesten 2.000 tilskodarar med seg musikalen «Goodbye Yellow Brick Road» på Ørsta kulturhus. Øvingane er allereie godt i gong med det som vert Volda vidaregåande skule sin tjuande …

– Grensa mellom amatør og profesjonell er viska ut!

Torsdag 26. februar fekk musikklinja storfint besøk av ordførar i Volda, Arild Iversen. Han kom på ordre frå formannskapet for å takke for ein fin musikal, og å overrekke ei gåve. Hendinga starta med at musikklinja framførte «Somebody to love» med solist Anna Elise Klungre Sørdal. Det var ei god stemning i romet. Arild Iversen er …

– Den traff meg i hjarte

Volda-elevane innfridde forventningane nok ein gong, denne gongen ytterst i havgapet. Det var fullsett sal og stormande jubel i Fosnavåg konserthus torsdag. Der var ei forventningsfull stemning i salen då musikkelevane entra scena for siste gong på turnéen. Høgdepunkta kom som perler på ei snor, og elevane innfridde forventningane gjennom heile kvelden. På slutten av …