Årets musikal er over. Elevar og lærarar har brukt ferien til å slappe av og få tilbake energien. I gangane på nedrebygget ved Volda vgs har lydnivået senka seg.

 

Jan Terje poserer ved årets musikalplakat
Jan Terje poserer ved årets musikalplakat

 

-Det har vore ein strålande musikal, seier produsent og avdelingsleiar Jan Terje Eidset.  Han synest det har vore gøy å reise på turné og teste ut forskjellige scener.

 

Også orkesterdirigent Gunnar Sigve Aurdal er einig i at musikalen har mange positive  og gode sider.

-Sidan eg sto bak eit lerret, har eg ikkje fått sett heile framsyninga. Eg har i etterkant  fått sett nokon små snuttar av det som skjedde på scena, og både digitale kulissar og  det som skjer på scena ser bra ut.

 

 

 

Gunnar Sigve synest at det var bra at dei reiste på turné. Då fekk dei vise fram linjene på ein god måte, men samstundes så var det kanskje litt omfattande. Han synst at det kanskje kunne holdt med å reise til ein av plassane.

Sjølv om årets musikal enno ikkje er komen ut av tankane, så er planlegginga for neste år allereie påbegynt.

Gunnar Sigve poserar ved bestefaren sin gitar
Gunnar Sigve poserar ved bestefaren sin gitar

-Eg kunne ha sagt ingen kommentar, men det hadde vore å lyge, seier Gunnar Sigve.

Jan Terje er meir vågal.

– Vi toppar alltid fjorårets.

 

Tekst: Dorthe Johanne Hovden, Julie Sævik, Maren Solem
Foto: Eline Korsnes Sundal