Johan Bjørkedal er tredjeklassing på musikklinja og er dermed ferdig med alle musikalane ved Volda vidaregåande for alltid. Dette året har han vore bassist i orkesteret.

Johan Bjørkedal var bassist i orkesteret under "Be Our Guest". Det vart hans siste musikal som elev på Volda vgs. Foto: Eline Korsnes Sundal
Johan Bjørkedal var bassist i orkesteret under «Be Our Guest». Det vart hans siste musikal som elev på Volda vgs. Foto: Eline Korsnes Sundal

– Det er rart å tenke på at eg ikkje får vere med på noko liknande prosjekt igjen, seier Johan.

Han legg til at det også er greitt å kome på jorda igjen etter prosjektet og få byrja på kvardagen igjen.

For Johan er det kanskje ikkje den siste musikalen han får vere med på i livet.

– Eg kan godt tenke meg å vere med på ein musikal i framtida. Det heile er veldig givande, men også veldig travelt, avsluttar bassisten Johan Bjørkedal.

TEKST: Amalie Haugland Bjørkedal og Camilla Venes