Foto: Eline Korsnes Sundal
Anna Holen Bjørdal i «What I did for Love» frå musikalen «A Chorus Line». Foto: Eline Korsnes Sundal

No er det snart to veker sidan musikalen stengte dørene. Elevane ved musikklinja synast det både er rart, trist men samtidig godt at ein er ferdig for i år.

Anna Holen Bjørdal er glad for at ho får bli med på ein musikal til før ho er ferdig på Volda vgs. Foto: Eline Korsnes Sundal
Anna Holen Bjørdal er glad for at ho får bli med på ein musikal til før ho er ferdig på Volda vgs. Foto: Eline Korsnes Sundal

Anna Holen Bjørdal som går i 2.klasse på musikklinja har svart på nokon spørsmål ei stund etter musikalen.

– Eg er veldig glad eg har ein musikal igjen, for eg vil ikkje gi meg enda, seier Anna.

Ho trur også at den neste musikalen blir veldig spesiell, sidan det er siste musikalen hennar.

– Men eg gler meg mykje!

Anna synast det er merkelig å gå frå musikal til vanleg skule igjen.

– Det blir på ein måte litt tomrom, seier ho. Ho legg til at det er trist, men at det er veldig godt å kunne sjå tilbake på ein flott og vellukka musikal.

Ho forklarar at som fyrsteklassing hadde ho veldig store forventingar, sida det var den første musikalen hennar. Anna var nervøs i forkant, men i år derimot, kunne ho ikkje gjere anna enn å glede seg.

– Eg var nok litt nervøs med tanke på at vi skulle på turné til Ulsteinvik og Fosnavåg, men det gjekk heilt fint, avsluttar ho.

TEKST: Amalie Haugland Bjørkedal og Camilla Venes

Ett svar til “– Eg er veldig glad for at eg har ein musikal igjen!”

Det er stengt for kommentarer.