I dag tok turnèbussen turen vidare til siste turnèstopp, Fosnavåg. Berre ti minutt etter dei gjekk av bussen stod musikkelevane klare for å vise delar av jubileumsførestillinga til alle rektorane i heile Møre og Romsdal.

Sverre Hollen, sjefen over alle rektorane i fylket, var også tilstades.
– Det er eineståande og fabelaktig! Ikkje minst at de har eit så godt samarbeid med Medium og kommunikasjon, uttalar han etter førestillinga.

sverre hollen1
Utdanningssjef Sverre Hollen lot seg imponere av elevane frå Volda vgs

 

Sjølv om musikkelevane kom til ein heilt ny stad og eit heilt nytt lokale, leverte dei likevel varene på scena.
– Travelt! Eg gløymde å knyte den eine skoen, beltet var feil veg og tre av knappane på kappa var opne, seier musikkelev Jon Andre Rebbestad.

Rektorane var fornøygde med førestillinga, og det var god jubel i salen.
– De bør vere stolte av å få til å setje opp ei slik førestilling kvart einaste år, det klarer ingen av dei andre skulane, avsluttar Hollen.

 

Tekst: Julie Sævik, Maren Solem  Foto: Anette Vågane Sunnarvik