Musikkelevane har mange øvingstimar fram mot musikalpremiera.
Musikkelevane har mange øvingstimar fram mot musikalpremiera.

«Gimme, gimme, gimme…». Tonane frå ABBA-slageren blandar seg med lydar av lette dansetrinn i parketten i festsalen på Volda vidaregåande skule.

Vi er på danseøving. Stemninga er til å ta og føle på, og rommet er fylt med konsentrasjon, smil, latter og intensitet. Til tider litt oppgitt danselærar Renata Nagy Vynikalova gir konsise instruktar og får øvinga på rett kjøl. Det verkar som at elevane har nervane under kontroll. Dei dansar og syng for full hals, og det er tydeleg at dette er noko dei likar å halde på med.

Armar og bein går i alle retningar.
Armar og bein går i alle retningar.

Eg kikar bort på Benjamin Mpumelelo Mpanza som står midt mellom alle dansarane. Hender og føter går alle vegar, og det er berre å følje med på alle instruksjonane dei får. Det er nemleg ikkje berre-berre, å få med seg alle dansetrinna til ei kvar tid.

17-åringen frå Volda har fått ei større oppgåve i år enn kva han hadde i fjor.
– I år skal eg ha tre sangroller i musikalen, der eg også skal danse til eine sangen. Det blir mykje øving desse vekene fram mot musikalen, men det er berre kjekt. Øvingane går føre seg både på kveldstid og i helgene, seier Benjamin.

Dansetrinna byrjar å sitje.
Dansetrinna byrjar å sitje.

Intensiteten er høg. Musikkelevane står spreidt omkring i noko som kan framstå som eit kontrollert kaos. Benjamin ler litt, før han fortel at han eigentleg har litt sceneskrekk. Denne veljer han å overvinne ved å «bite i det sure eple». Men til tross for sceneskrekken, gleder han seg veldig til premiera som skal vere 7.februar på Ørsta Kulturhus. Han har store forventningar til musikalen, og gleder seg veldig.
Benjamin var med for første gong i fjor, i musikalen «Moulin Rouge».
– Då gjekk eg første året på musikklinja og hadde ei danserolle i sangen «Roxanne».

I år er musikklinja ved Volda Vidargåande skule 20 år, og det skal feirast med jubileumsførestillinga «Be Our Guest». Dette blir ei forestilling heilt utenom det vanlege, med eit nytt og anneleis konsept. Dette er første året musikalen skal ut på turnè, og det blir framsyningar både i Ørsta, Ulsteinvik og Herøy.

Renata Nagy Vynikalova gir klare instruksar til Benjamin.
Renata Nagy Vynikalova gir klare instruksar til Benjamin.

Musikkelevane ved Volda vidargåane jobbar på spreng for å lage eit godt show for publikum.

– Eg har store forventningar til musikalen og ikkje minst premiera. Det blir noko heilt nytt med mykje engasjement og resultatet av monge vekers hardt arbeid. Eg gleder meg veldig, avsluttar Benjamin.

 
Tekst: Maren Solem Foto: Eline Korsnes Sundal