Full konsentrasjon på dramaøving. Frå venstre: Maria Kårstad , Tomas Håndlykken og Sigrid Vassbotn
Full konsentrasjon på dramaøving. Frå venstre: Maria Kårstad , Tomas Håndlykken og Sigrid Vassbotn

Lange øvingsdagar skal bli til tre roller. Snart går sceneteppet opp for musikkelev Tomas Håndlykken og medelevane hans.

Vi er på Volda Vidaregåande skule, og det er lunjstid for alle elevane. På hemsen på nedrebygget møter eg ein smilande og imøtekomande gut. Lyslygga og med eit smil om munnen, med ei Litago i handa, kjem han småspringande opp trappetrinna. Tomas Håndlykken er 17 år og kjem frå Ulsteinvik. Han går andre året på musikklinja ved skulen og er i desse dagar travelt oppteken med øvingane til jubileumsførestillinga ”Be Our Guest”.

– Eg har tre roller i årets musikal, seier Tomas engasjert. Samtidig må han vere litt tilbakehalden med å fortelje kva desse rollene inneber.
– Læraren min blir sur på meg om eg fortel for mykje, seier han. Han kan likevel røpe at han både skal synge solo, dramatisere, danse og stå i kor. Medan vi snakkar høyrast prating og pianospel i bakgrunnen. Her er det mykje som foregår på same tid.

Det å førebu ein musikal krev svært mykje øving.
– Det er sinnsjukt travelt, men veldig kjekt! Eg har vore igjen til langt på kveld dei tre siste dagane, og vert det også i kveld. Det er jo gøy når eg bur i Ulsteinvik då, seier han ironisk med eit lurt smil om munnen.

Øving gjer meister.
Øving gjer meister.

– Øvingane går veldig bra, om eg ikkje skal vere ærleg, seier ein spøkande Tomas og ler høgt.
Eg har sjølv fått vere med på nokre av øvingane. Sjølv om det berre er få veker igjen til premiere, er her ikkje mykje stress å spore. Dei har ein god tone når dei snakkar seg i mellom, og latteren er aldri langt unna. For at alt skal bli perfekt, må det trenast og terpast. Tomas og den kvinnelege medeleven hans øvar på solistrollene sine med stor innlevelse. Han verkar trygg på det han gjer. Det gode samhaldet er nok svært viktig, og spelar inn både på øvingane og det ferdige produktet. Dette må berre bli bra!
– Vi er i rute, kan han vidare fortelje.

Tomas gjev alt under øving.
Tomas gjev alt under øving.

Å spele inn ein musikal krev veldig mykje mengdetrening. Tomas trur det vil vere ei utfordring i år, då antalet songar dei må lære er oppe i 25-26. Det er eit enorm arbeid, men heldigvis starta dei tidlegare med forberedelsane i år enn dei har gjort dei førre åra.

Sidan Musikk-, dans- og dramalinja er 20 år i år, er dette eit heilt nytt konsept samanlikna med dei musikalane skulen tidlegare har laga. Derfor reiser dei i år på turne, med førestillingar både i Ørsta, Ulsteinvik og Fosnavåg.

Tomas var også med i musikalen i fjor, men då stod han i koret heile tida.
– Eg gledar meg mest til å synge solo og å danse, faktisk. Det hadde du ikkje høyrt i fjor, humrar han.
– Eg trur musikalen kjem til å verte veldig bra, og eg gledar meg stort til å vise det heile heime i Ulsteinvik, avsluttar han klart og tydeleg før han spring på nok ei øving.

Tekst: Julie Sævik
Foto: Stephanie Ann Dimmen