Ved ørstakulturhus er det i dag mykje liv og røre. Her skal alt av utstyr og kulissar på plass før morgondagen kjem

1.Kva oppgåve har du i dag?

2.Trur du alt kjem til å ver på plass til generalprøva i morgon?

3.Er du stressa?

4.Synst du det er kjekt?

Jonathan Følsvik

Foto: Eline Korsnes Sundal
Foto: Eline Korsnes Sundal

 1. I dag så skal eg hjelpe til å rigge opp bandet og så skal eg ha lydsjekk med orkesteret.

 2. Trur det meste kjem til å vere på plass til i morgon. Vil eg tru.

 3. Eg er ikkje noko spesielt stressa, men det er mykje ting som skal opp og på plass.

 4. Synest det er veldig kjekt. Sjølv om det blir litt mykje å gjere er verdt det, for dette blir  bra.

 Judi Leonora Nygård Aahjem

Foto: Eline Korsnes Sundal
Foto: Eline Korsnes Sundal

 1. Eg skal ver med på lydprøva, også skal eg spele for å sjekke lyden. Ellers så hjelper  eg til når dei sei det trengst jente.

 2. Eg trur alt kjem til å vere på plass til i morgon, sidan her er så mange flinke folk.

 3. Langt i frå stressa.

 4. Eg har det ganske kjekt, iallefall no.

Frida Mork Topphol

Foto: Eline Korsnes Sundal
Foto: Eline Korsnes Sundal

 1. I dag så skal vi ha lydprøve også skal vi rigge, men vi er litt for mange så dei treng  ikkje oss, så eg trur eg berre skal sitte her foreløpig.

 2.Ja, eg trur vi skal få alt på plass til øving i morgon sidan vi har veldi mykje tid som vi  ikkje bruka . så eg trur det skal gå bra

 3.Nei, eg er ikkje stressa akkurat no.

 4.Det synest eg!

1. Kva gjer dykk på?

2. Kva oppgave har dykk under permiera ?

3. Synst du det er kjekt?

4. Er du stressa?

Emil Arne Riise Bjørneset og Hallvard Flø Hunnes

Foto: Eline Korsnes Sundal
Foto: Eline Korsnes Sundal

 1. No held vi på å filme til ei reportasje som skal publiserast i dag.

  2. Under premiera så skal vi dokumentere kva som skjer.

  3. Ja, vi synest det er veldig kjekt.

  4. Det er litt stressande med det går fint.

Jonas Holmen

Foto: Eline Korsnes Sundal
Foto: Eline Korsnes Sundal

 1. Vi legg leidning til livekamera som skal plasserast bak scena.

 2. Vi skal styre dei digitale kulissane under showet.

 3. Jada, det er kjempekjekt

 4. Eigentleg så er ikkje det stress.

Tekst: Dorthe Johanne Hovden
Foto: Eline Korsnes