Johan Bjørkedal er tredjeklassing på musikklinja og er dermed ferdig med alle musikalane ved Volda vidaregåande for alltid. Dette året har han vore bassist i orkesteret.
– Det er rart å tenke på at eg ikkje får vere med på noko liknande prosjekt igjen, seier Johan.
Han legg til at det også er greitt å kome på jorda igjen etter prosjektet og få byrja på kvardagen igjen.
For Johan er det kanskje ikkje den siste musikalen han får vere med på i livet.
– Eg kan godt tenke meg å vere med på ein musikal i framtida. Det heile er veldig givande, men også veldig travelt, avsluttar bassisten Johan Bjørkedal.
TEKST: Amalie Haugland Bjørkedal og Camilla Venes