– Tamt og tomt, startar kapellmeister Gunnar Sigve Aurdal svaret på spørsmålet mitt med. Utan orkesteret i musikalen hadde det våre tamt og tomt på scena.
Author Archives: Håvard Krøvel-Velle
– Det er tøft no, men heilt sikkert verdt det
– Det er ikkje noko eg er spesielt redd for at skal gå gale, det handlar mest om heile pakken, seier Ivar Kvalsund Gjuvsland. Etter nokre intense veker og eit utal timar med øving, er det no berre få dagar att til premieren på musikalen Goodbye Yellow Brick Road.
– Pass på bh-en!
I eit koseleg, overfylt lite kott finn ein to kjekke og særdeles blide damer. Rundt dei kan ein sjå hyller, benkar og stolar fylt med stoffrullar, klede, kostymer og anna. God latter og engasjement fyller det vesle kammerset, som ligg gøymt bak kopirommet.
Skal vi danse?
Musikalen nærmar seg med stormskritt og i festsalen på Volda Vidaregåande skule er det spenning i lufta.
– Eg er litt bekymra over at eg ikkje er stressa
Elevane ved både musikk-og medielinja jobbar hardt for å få musikalen 2016 til å bli tidenes musikal. Om ein ser godt etter, så jobbar medielinja som skuggar i mørket, hardt i kulissene for å få alt på plass slik at publikumet får eit godt resultat.
Biletgalleri: Premieren nærmar seg med stormskritt
Premieren er nærare enn nokon gong. Elevane ved musikklinja kjenner ei blanding av nervar og glede når dei innser at det er kun seks dagar igjen til teppet går opp og der sit ein fullpakka sal og ventar på å få sjå det som skal bli tidenes musikal.