Yngvild og Kirsten har planlagt og laga kostyma til årets musikal. Foto: Martine Leine Rafteseth
Yngvild og Kirsten har planlagt og laga kostyma til årets musikal. Foto: Martine Leine Rafteseth

I eit koseleg, overfylt lite kott finn ein to kjekke og særdeles blide damer. Rundt dei kan ein sjå hyller, benkar og stolar fylt med stoffrullar, klede, kostymer og anna. God latter og engasjement fyller det vesle kammerset, som ligg gøymt bak kopirommet.

 Tekst: Martine Leine Rafteseth

Årets kostymer er kontrastfylte. Nokre enkle og einsfarga, andre i spreke fargar med mønster og glitter. Somme har element frå Elton John, medan andre har eit meir kvardagsleg uttrykk. Dei er for det meste prega av notida.

Yngvil Birkeland er også i år kostymeansvarlig for musikalen. Saman med partnaren Kirsten Ragnhild Grimstad tenkjer ho ut idear og gjennomfører det praktiske arbeidet.

– Vi lagar kostyma av det vi finn. Litt gjenbruk frå kostymelageret, litt nytt og litt lånt. Og så festar vi på ekstra bling og stasj, seier ho.

Dei fleste elevane vil kunne finne det dei ber om, fordi det er ting dei likevel har i skapet eller kan låne av andre. Slik vert oppgåva litt enklare.

– Men så er det desse litt meir spesielle kostyma som ein ikkje kan forvente at elevane finn sjølve, dei syr vi, eller ordnar. Slik som prestekappe og Elton John-jakke.

Når det kjem til eine Elton John-jakka, har der vore mykje latter rundt skuldrane som er uskyldig dekt i lilla paljettar. Tomas Håndlykken, som skal bere henne, har fleire gongar måtte vore forsiktig. ”Pass på bh-en!” er eit kjent uttrykk.

– Ja! Bh-ar er fine som skulderputer, flirar Yngvil.

Produksjonen i år er klårt mindre enn dei to førre åra. I 2014, under musikalen ”Moulin Rouge”, var ein ute etter spesielle kostymer, som blei henta inn. I fjor, under musikalen ”Be Our Guest”, var det jubileum.

– Dei to åra har skilt seg ut då ein har satsa litt meir, no er vi meir tilbake til ”normalen”.

Yngvil seier det er kjekt å arbeide med store, flotte kostymer, men at der då blir mykje jobbing. Slik sett har årets produksjon ein meir passe storleik. Ho legg til at planleggingsarbeidet, trass i færre kostymer, er like viktig – kanskje viktigare – enn tidlegare.

– Det er vi som må gi elevane føringar på kva dei skal ha på seg. Men så er ikkje det sikkert dei skjønar kva vi meiner heller, og kan kome tilbake med ting som ser heilt annleis ut enn det vi hadde tenkt.

Dei har ikkje fått nokre spesielle tilbakemeldingar frå elevane, og det meste går i om ting stemmer og passar. Eirik Trovåg Bjørneset, medlem i eit av banda i musikalen, meiner dei er greie, men litt spesielle.

– Vi i «Honkey Cats» har eit kostyme der vi ser vanlege ut, og eit bandkostyme som ”Nikita” har laga til oss. Det ser spesielt ut, har mykje glam, bling og slikt.

Eirik konkluderer med at han trass i å vere litt skeptisk til dei spesielle kostyma, synest det er morosamt!

Eirik Trovåg Bjørneset blir sminka av kostymeansvarleg Yngvil Birkeland. Foto: Stine Løseth
Eirik Trovåg Bjørneset blir sminka av kostymeansvarleg Yngvil Birkeland. Foto: Stine Løseth