Tomas Håndlykken satsar på å bli skodespelar, og vil gå Teaterhøgskolen i Oslo etter han er ferdig på vidaregåande. Foto: Martine Leine Rafteseth.
Tomas Håndlykken satsar på å bli skodespelar, og vil gå Teaterhøgskolen i Oslo etter han er ferdig på vidaregåande. Foto: Martine Leine Rafteseth.

Klokka er nærare sju denne onsdagskvelden, og mørket har lagt seg over Volda. Elevar og tilsette ved Volda vidaregåande skule har drege heim for dagen, og alt er mørkt og stille bak dei låste dørene – med eitt unntak.

Tekst: Martine Leine Rafteseth

  • Denne artikkelen vart også publisert i papirutgåva til Vikebladet/Vestposten tysdag 9. februar.

På det nedre bygget til skulen kan ein i mørket skimte eit varmt lys breie seg frå eine klasseromet. Her inne er kveldens dramaøving godt i gang, og regissør, Bente Elin Johnsen, observerer og kommanderer medan ho flirar og ser ut til å kose seg. Framføre henne står Tomas Håndlykken og Live Nilsvik og lev seg engasjert inn i rollene sine.

– Å vere skodespelar synest eg er utrulig kjekt og interessant. Samtidig kan det vere veldig utfordrande, ettersom eg må gi meg ut for å vere ein annan person, seier Tomas Håndlykken (18) frå Ulsteinvik, som under årets musikal, Goodbye Yellow Brick Road, har kapra hovudrolla.

Tomas valte å stille til audition for hovudrolla ettersom han ser på musikalen om ei god erfaring, og tenkte dette kunne betre musikalopplevinga som blir den tredje og siste ved skulen i Volda.

Allereie då han byrja ved musikklinja, nesten tre år sidan, var målet om å bli skodespelar klart.

– Eg er glad i skodespel og synest det er ein fin ting å drive med. Om to år er planen å studere ved Teaterhøgskulen i Oslo, seier Tomas (sjølv)sikkert og påpeikar/legg til at det er film han vil drive med.

Det er under to veker att til premieren ved Ørsta kulturhus 17. Februar. Då er over 100 elevar frå musikk, dans og drama og medium og kommunikasjon klare for den tjuande musikalen i rekkja.

Dette tyder at der står att mykje øving, testing og terping. Tomas seier at kvardagen for tida er svært hektisk, stressande og med mange gjeremål,  men at opplevinga er veldig gøy og absolutt givande.

Der ligg ein god del øving bak det heile. Både i India under juleferien og no i kvardagen heime har tid gått til å lese manus og høyre på songane.

– Eg høyrde på musikallåtane på alle flyturane, og las manuset på solsenga. Her heime spelar eg dei i bilen på veg både til og frå skule, i tillegg til at eg høyrer på dei før eg skal leggje meg.

Der er fortsett att ein del øvingar att før framsyninga, noko som Bente Elin verkar til å setje pris på.

– Det ser bra ut med tanke på at der er 13 dagar att, vi har god tid. Hadde det derimot vore i morgon hadde ikkje eg møtt opp, seier ho og flirar.

Tomas Håndlykken og Live Nilsvik har hovudroller i musikalen "Goodbye Yellow Brick Road". Foto: Martine Leine Rafteseth
Tomas Håndlykken og Live Nilsvik har hovudroller i musikalen «Goodbye Yellow Brick Road». Foto: Martine Leine Rafteseth

Tomas og Live bit tennene saman, bøyer hovudet ned og prøvar å skjerpe seg. I det blikka deira møtast att spring smilet ufrivillig fram, og dei bryt ut i latter.

– Eg har definitivt ein del nervar for premieren. Dette ser eg på som ein god ting; hadde dei vore fråverande trur eg det hadde gått dårlig.

Stemninga er god på øvinga. Forholdet mellom spøk og alvor er balansert, og alt tyder på at dei er trygge på kvarandre. Tomas er optimistisk til musikalen, og trur det i år, som i fjor, blir svært kjekt.

– Det verste som kan skje er at eg drit meg ut, og lærer av det. Så det verste som kan skje er at eg lærer av det, avsluttar Tomas.

Tomas har også ei scene der han skal vere sint i musikalen. Her kan du sjå korleis øvinga til det gjekk.