Ivar Kvalsund Gjuvsland i rolla som ”Bennie” under fotoshooten til musikalen Goodbye Yellow Brick Road. Foto: Malin Nordby Kvamme
Ivar Kvalsund Gjuvsland i rolla som ”Bennie” under fotoshooten til musikalen Goodbye Yellow Brick Road. Foto: Malin Nordby Kvamme

– Det er ikkje noko eg er spesielt redd for at skal gå gale, det handlar mest om heile pakken, seier Ivar Kvalsund Gjuvsland. Etter nokre intense veker og eit utal timar med øving, er det no berre få dagar att til premieren på musikalen Goodbye Yellow Brick Road.

Tekst: Malin Nordby Kvamme

  • Denne artikkelen vart også publisert i papirutgåva til Vestlandsnytt fredag 12. februar.

Spenninga stig for kvar dag som går, og stemninga er til å ta og føle på. Seine kveldar, mykje stress og ein god bunt med nervar er ord som skildrar korleis dei siste vekene har vore for musikk- og medieelevane ved Volda vidaregåande skule. Om under ei veke går sceneteppet opp på Ørsta kulturhus, og resultatet av mykje hardt arbeid kjem til syne. Ein av dei som har kapra ei hovudrolle under årets musikal er herøyværingen Ivar Kvalsund Gjuvsland.

Ivar er 18 år og kjem frå Nerlandsøya. Han er ein av 12 elevar frå Herøy og Sande, som er med på produksjonen av den storslåtte musikalen ved Volda vidaregåande skule. Under musikalen har Ivar rolla som ”Bennie”. Han må vere litt tilbakehalden, og kan ikkje seie altfor mykje om kva rolla inneber.

– Rolla som ”Bennie” passar meg veldig godt, spesielt monologen. Eg hadde først tenkt å stille til audition for ei anna rolle, men eg fant ut at rolla som ”Bennie” er lettare å leve seg inn i enn dei andre, samtidig som songane til denne rolla passar betre til mi stemme.

Ute er det grått og trist, og vi kan sjå tåka som breier seg nedover fjella ein kald februarmorgon. Inne på nedre bygg ved Volda vgs derimot, er stemninga ein annan. Vi høyrer latter og song i gangane om ein annan. Vakre tonar frå Elton John sine songar kan høyrast lang veg. Øvingane har pågått i fleire veker, og det blir ofte lange kveldar med intens øving.

– Øvingane har så langt vore litt både og, seier han og ler.

– Det gjekk litt treigt i starten, men det det byrjar å kome seg no. Det er veldig kjekke øvingar, men det er også veldig slitsamt med så lange dagar. I tillegg til musikalen har vi mykje anna skulearbeid, blant anna særemne som skal leverast denne veka. Så det er tøft, men det blir heilt sikkert verdt det til slutt.

Ivar har hatt ei rolle i begge dei tidlegare musikalane han har vore med på, men dei har ikkje vore like store som den han har i år. Han er veldig interessert i skodespel, og ser føre seg at det kan bli fleire musikalar i framtida.

– Eg synest det er veldig kjekt. Skodespel er interessant, ikkje berre rolla, men også alt rundt. Heile oppsettet, det er veldig morosamt å sjå. Og kven veit, kanskje er dette noko eg kjem til å fortsetje med, kanskje blir det fleire musikalar, seier han med glimt i auget.

Ivar Kvalsund Gjuvsland og Live Nilsvik har to av hovudrollene i musikalen Goodbye Yellow Brick Road. Foto: Stine Løseth
Ivar Kvalsund Gjuvsland og Live Nilsvik har to av hovudrollene i musikalen Goodbye Yellow Brick Road. Foto: Stine Løseth

Både elevar og lærarar står på for fullt for at dette skal bli ein braksuksess. I kulissene til årets musikal kan vi skimte både stress og nervøsitet. Det skjer noko over alt, og det er mykje som skal klaffe for at alt skal gå etter planen.

– Det er ikkje noko eg er spesielt redd for at skal gå gale. Det handlar mest om heile pakken, det er viktig av vi treff på alle punkt. Eg håpar rolla sit som den skal på scena også, ikkje berre i øvingsrommet. Songane er ikkje så vanskelege å hugse, men å kunne leve seg inn i rolla samtidig, og kombinasjonen av det, synest eg er litt vanskeleg. Og når det kjem til replikkar, så trur du at du hugsar dei, men så heilt plutseleg har du gløymt dei, seier han og ler.

Han har vore med på dette før og veit kor travelt det kan vere i innspurten. Men dette er tredje og siste året Ivar får vere med ein musikal i regi av musikklinja i Volda, noko som fører med seg både høgare forventingar og eit auka press til å prestere bra.

– Dette er det siste året mitt, så ein skapar automatisk eit større press på seg sjølv. Eg føler absolutt at forventingane er høgare i år enn tidlegare, både med tanke på rolla eg har, og at det er siste året. Det er litt keisamt å tenke på at det er den siste musikalen eg får vere med på. Det kunne godt vore fleire, seier han med vemod.

Målet om å produsere ein uforgløymeleg musikal er ikkje like fjern som han var for berre nokre veker sidan. Forventingane blir høgare for kvart år, og alt blir stadig meir avansert.

Nokre av elevane og lærarane bak musikalen Goodbye Yellow Brick Road. Foto: Martine Leine Rafteseth
Nokre av elevane og lærarane bak musikalen Goodbye Yellow Brick Road. Foto: Martine Leine Rafteseth

– Eg har veldig høge forventingar til årets musikal, og forventar rett og slett at vi lever opp til dei forventningane det er til oss og musikalen. I fjor var det ikkje ein “skikkeleg” musikal, så for min del likte eg best “Moulin Rouge” i 2014. Eg håpar at årets førestilling blir minst like bra, avsluttar han og spring av garde til nok ei øving.

Det er under ei veke att til premieren ved Ørsta kulturhus 17. februar. Då er over 100 elevar frå Musikk, dans og drama og Medium og kommunikasjon klare for den tjuande musikalen i rekkja.