Jonathan Følsvik, Nikolai Hånes og Sander Gjertsen likar seg godt i orkesteret. Foto: Malin Nordby Kvamme
Jonathan Følsvik, Nikolai Hånes og Sander Gjertsen likar seg godt i orkesteret. Foto: Malin Nordby Kvamme

– Tamt og tomt, startar kapellmeister Gunnar Sigve Aurdal svaret på spørsmålet mitt med. Utan orkesteret i musikalen hadde det våre tamt og tomt på scena.

Tekst: Jonas Otneim Myklebust

Med elleve medlemmar og 21 songar blir alt spelt på ein fin og samkjørt måte. Totalt i orkesteret er der over sju forskjellige instrument, og dei har ingen problem med å få fram sjølv dei vanskeligaste songane. Blant alle songane i årets musikal er det overturen, ”Funeral for a friend”, som er favoritten til kapellmeisteren.

Med i orkesteret er mellom anna trommis Jonathan Følsvik, gitarist Nikolai Hånes og bassist Sander Gjertsen. Dei synst å sitte i orkester er noko av det kjekkaste dei veit om, ettersom dei får gjere akkurat det dei likar best – å spele musikk.

Karane er spente på premieren og tenkjer det skal bli kult. Foto: Malin Nordby Kvamme
Karane er spente på premieren og tenkjer det skal bli kult. Foto: Malin Nordby Kvamme

-Dette skal bli kult, seier Sander.

Under framsyninga er orkesteret plassert bakerst i venstre hjørnet.

– Fordelar og bakdelar, seier Gunnar om årets orkesterplassering. I fjorårets musikal, ”Be Our Guest”, var orkesteret heilt synleg for publikum. Då var der fleire ting enn berre musikken dei måtte tenkje på, kvar utsjånad og signalgiving var det mest krevjande.

-Vi er godt i rute, seier kapellmeister Gunnar Sigve Aurdal.

Med dette ser vi fram til ein spanande siste innspurt, og nokre fantastiske framsyningar etter sceneteppet går til sida for fyste gong onsdag.