Premieren er nærare enn nokon gong. Elevane ved musikklinja kjenner ei blanding av nervar og glede når dei innser at det er kun seks dagar igjen til teppet går opp og der sit ein fullpakka sal og ventar på å få sjå det som skal bli tidenes musikal.
Tekst og foto: Stine Løseth
Men før dei skal stå på scena i Ørsta Kulturhus må dei terpe på alt som heiter sang, dans og drama. Torsdag 11. februar var elevane ved musikklinja i festsalen på Volda Vidaregåande Skule for å ta ein gjennomgang.
Premieren på «Goodbye Yellow Brick Road» er onsdag 17. februar kl. 19.30. Billettar finn du på Ørsta Kulturhus sin nettstad. NB! Få billettar igjen!