
I sin første musikal, må Victoria Hagen Tveitdal danse på høge hælar. Det blir skremmande.
Tekst: Maria Reite
Volda Vidaregåande skule er ein av dei få skulane i Noreg som lagar musikalar kvart år, heilt frå scratch. Kvart år blir den underhaldande og trekk fulle hus. Musikalen i år heiter «Goodbye Yellow Brick Road».
Musikalen i år handlar kort sagt om ein musikar med namnet John. Når han får sjansen til å få suksess åleine som soloartist, må han velje mellom å gå solo eller å fortsette i bandet sitt. Gjennom handlinga blir det framført 21 sangar, alle saman er skrivne av Elton John.

Victoria Hagen Tveitdal (16) er ein av studentane som er med på musikalen i år.
– Eg går første året i musikklinja. Etter det vurderer eg å gå i militæret eller folkehøgskulen, seier ho.
– Eg valgte musikklinja fordi eg elskar musikk og tenkte at musikklinja ville bli tre kjekke år eg aldri kjem til å gløyme.
Musikk, dans og drama er eit tre år langt utdanningsprogram som gir generell studiekompetanse. Første året har 23 timar, i motsetning til siste året som har berre 18 timar.
– Eg visste ikkje mykje om musikalen før i år, eg hadde berre sett “Be Our Guest”, seier ho. «Be Our Guest» er musikalen frå 2015, der det blei spelt mange hits frå alle musikalane som har vore tidlegare.
– Eg gler meg ekstremt, og trur det blir ei veke der eg dør av utmattelse, men skaper kjekke minner for livet, seier ho entusiastisk.
– Mi rolle i musikalen er å stå i koret å synge. Eg dansar også på høge hælar i Goodbye Yellow Brick Road og trur eg kjem til å brekke nakken.
– Før musikalen kjente eg til “Circle of life”, “Your song”, “Can You Feel the Love” og sikkert fleire. Eg bruker å bli så oppslukt i sangar at eg ikkje tenkjer over kva eg høyrer på, ler ho.
Forventingane er iallfall store til det som skjer 17. til 19. februar.
– Musikalen kjem til å bli fantastisk.