Martine Leine Rafteseth og Marie Haugen er begge prosjektleiarar for medielinja under musikalen 2016.
Martine Leine Rafteseth og Marie Haugen er begge prosjektleiarar for medielinja under musikalen 2016. Foto: Stine Løseth

Elevane ved både musikk-og medielinja jobbar hardt for å få musikalen 2016 til å bli tidenes musikal. Om ein ser godt etter, så jobbar medielinja som skuggar i mørket, hardt i kulissene for å få alt på plass slik at publikumet får eit godt resultat.

Tekst: Stine Løseth

Det er torsdag ettermiddag, og på rom 6 på det nedre bygget til Volda vidaregåannde skule sit Martine Leine Rafteseth og Marie Haugen. Dei er prosjektleiarar for medielinja under musikalen 2016. Dei to har hatt mange oppgåver dei må gjere som overordna leiarar i tida før premieren.

Marie Haugen jobbar hardt med at årets musikal skal bli vellykka. Foto: Stine Løseth
Marie Haugen jobbar hardt med at årets musikal skal bli vellykka. Foto: Stine Løseth

– Vi som prosjektleiarar har i oppgåve å ha oversikt over alt, passe på at folk gjer det dei skal og ha eit overordna ansvar. Vi deltek på møter, og kjem med konstruktive tilbakemeldingar på produkt som vert produsert, forklarar Martine og Marie, og ser på kvarandre med eit smil.

Sjølv om Martine og Marie er prosjektleiarar, så sit dei ikkje berre på rumpa og gjer ingenting. Alle skal delta! Martine fortel ho er på gruppa PR, presse og dokumentasjon kvar ho skriv artiklar, tek bilete og filmar til diverse saker. Marie derimot er på den grafiske gruppa. På denne gruppa har dei tidlegare laga logoar, plakatar og programhefte til musikalen. Dei siste dagane før musikalen skal dei no lage digitale kulisser som vil bli vist under framsyninga. 

– Eg har aldri drive med eller styrt digitale kulissar før! Så eg er litt bekymra over at eg ikkje er stressa og nervøs til framsyninga, men trur dette kjem til å forandre seg over helga. Då byrjar alvoret, fortel Marie.

Martine Leine Rafteseth filmar bandøvinga i musikkbingen der bandet er i full gong med øvinga. Foto: Malin Nordby Kvamme
Martine Leine Rafteseth filmar bandøvinga i musikkbingen der bandet er i full gong med øvinga. Foto: Malin Nordby Kvamme

Sjølv om alt kjennast ganske fjernt, så meiner Marie og Martine at når måndagen byrjar så vil musikalkjenslene kome. Martine tekjer òg at samholdet mellom musikk- og medielinja vil bli styrkja når dei kjem på Kulturhuset i Ørsta.

– Ein ting vi veit heilt sikkert er at årets musikal blir vellukka, seier dei to.