Spenninga stig, og det er snart premiere på Ørsta kulturhus. Følelsane er mange, og fem musikkelevar har snakka om sine tankar i desse dagane fram mot det store. 

 

– Kva er dine tankar om premiera av «Be our guest» laurdag 7. februar?

 

Jon Andre Rebbestad

_DSC0002– Eg brukar å vere litt nervøs, men i år trur eg det går fint sidan eg har vore med to gongar før. Då veit eg litt meir om korleis det er.

 

 

 

 

 

 

 

Tor-Stian Bjørneset

_DSC0007– Eg er litt spent på om vi klarer å få alt i boks, men stolar på dei som har overblikk at det vert bra.

 

 

 

 

 

 

 

Benjamin Mpumelelo Mpanza

_DSC0004– Eg gledar meg veldig, tippar at det vert gøy. Men er litt nervøs, sidan eg har større rolle i år enn i fjor. Folk bør glede seg, for eg trur det vert eit forrykande show.

 

 

 

 

 

 

Anna Elise Sørdal Klungre

_DSC0013– Eg trur det vert veldig bra. Alt sit ikkje no, men ein må ha litt spenning for at det skal bli tenning. Eg har ikkje sceneskrekk, gledar meg og syns berre at det er kjekt.

 

 

 

 

 

 

Veronica Jorysha Myklebust

_DSC0010– Eg trur premiera vert bra, det har vore utruleg bra alle dei andre åra. Eg er veldig spent, sidan det er fyrste året eg syng solo. Det er mykje meir vi i koret må hugse på enn dei tidlegare åra, så eg er litt nervøs. Men alt i alt trur eg det vert bra. Det er med kjende songar som dei fleste kan!

 

 

 

Tekst: Maren Solem og Julie Sævik Foto: Anette Vågane Sunnarvik