Premiera er akkurat ferdig og ut av salen kjem eit fornøgd publikum. «Rett og slett eit fantastisk show,» meiner Rektor ved Volda Vgs Trond Hjelseth. Lovorda frå publikum var mange.

 

_DSC0616

 Marthe Kalvatn:

-Kjempebra, verkeleg artig å sjå ei samling av alle musikalane.

 

 

 

 

 

 

 

_DSC0617

 

Tove Nilsen Løset:

– Fantastisk musikal, eg har vore på nesten alle musikalane og dette var like bra som det alltid har  vore. Det var fleire gongar at tårene trilla, rett og slett ein kjempebra musikal.

 

 

 

 

 

_DSC0620

 

Silje Blomvik:

– Veldig bra, eg er imponert. Bra fordelte roller og veldig engasjerte og flinke elevar.

 

 

 

 

 

 

Trond Hj_DSC0621elseth (Rektor Volda vgs)

– Fantastisk fyrverkeri, fullpakka av flotte songar. Mange songar med flott show men òg rolige innslag som gjer det opent for pusterom gjennom eit show som fleire gongar tek pusten frå deg. Rett og slett heilt fantastisk!

 

 

 

 

 

 

Arild_DSC0623 Iversen (ordførar i Volda Kommune)

– Eg synes dei var veldig flinke, imponerande nivå på både kor, solistar, koreografi, kulisser og orkester.  Dei opptrer veldig profesjonelt, og kan vere stolte av det dei har fått til. Dei klarer å levere kvart einaste år. Dette er eit jubileumsår og «the very best of», og det var det virkelig òg. Musikalprosjektet er med på å presentere Volda Vidargåande skule på ein utruleg bra måte.

 

 

 

 

 

 

Tekst: Tonje Sjølseth
Foto: Eline Korsnes Sundal