Når sceneteppet går opp på Ørsta kulturhus laurdag ettermiddag er det nittande gongen Volda vidaregåande inviterer til musikal. Alle som står og har stått bak, stemmer i: “Be Our Guest”.

 

Det heile starta i 1993, då Volda vidaregåande bestemte seg for å starte opp ei linje med musikk, dans og drama. Året etter var dei i full gong med  planlegging av musikklinja. Både Høgskulen i Volda, Volda kommune og Ørsta kommune var med i planlegginga og alle var svært positive til den nye linja.

 

Ein februarkveld i 1997 var det klart for Musikklinja sin første musikal, salen var full og West Side Story var klar til å visast for publikum. Denne musikalen var basert på Shakespeare sin Romeo and Juliet. På scena sto det to mikrofonar og ein lyskastar som hovudlærar Magne Slettevoll hadde teke med heiman ifrå. Det var berre to klasser på denne tida, men dei fullførte med stor innsats og flott levering. Stolte foreldre og anna publikum gjekk heim med ei kjensle om at noko stort var i vente dei neste åra.

West-Side-Story-1997
Frå den første musikalen i 1997 – «West Side Story»

 

-Alle musikalar må innehalde dramatikk, kjærleik og intriger. Det seier Kjetil Eiksund, som var med å starte musikklinja. Han var ein av dei første lærarane som jobba på linja, og har vore med på alle dei atten musikalane som har kome frå Volda vidaregåande.

 

Av dei musikalane musikklinja har produsert, er det dei to oppsetningane av Moulin Rouge han vil trekkje fram som favorittar.

– I 2004 hadde vi svært gode elevprestasjonar, medan 2014-versjonen i tillegg var ein mektigare musikal med eit betre totalbilete.

Moulin-Rouge-2014
Moulin Rouge frå 2014 var eit forrykande show med både dramatikk, kjærleik og intriger

 

Favorittmusikalen til Kjetil Eiksund er “Phantom of the opera”, som han har sett heile 14 gongar i London.

-Musikken og melodiane treff meg, og atmosfæren og effektene er noko heilt utanom det vanlege. Vi framførte denne musikalen i 1999.


Ormen Lange-konserten i oktober 2007 er kanskje noko av det største Musikklinja har deltatt i. I samband med opninga av Hydro sitt gassanlegg på Aukra vart elevar og lærarar frå alle musikklinjene i Møre og Romsdal invitert til å delta på opningskonserten på Aker stadion i Molde. Dei utgjorde eit kor på kring 330 songarar. Det var ei flott multimedieframsyninga, der også artistar som The Brazz Brothers, Annbjørg Lien, Dance With A Stranger, Ane Brun, Jo nesbø og Röyksopp var med.

 

PowerPoint-presentasjon
Opningskonserten for Ormen Lange var ei stor oppleving for lærarar og elevar ved musikklinja

 

Musikalar gjennom tidene:

1997: «West Side Story»

1998: «Les Miserables» og «Miss Saigon»

1999: «Hair» og «The Phantom of the Opera»

2000: «Fame» og «The Beauty and the Beast»

2001: «Chess» og «Mamma Mia»

2002: «Kristina från Duvemåla» og «Heal the World»

2003: «Which Witch»

2004: «Moulin Rouge»

2005: «Grammatikk og kjærleik» (om livet til Ivar Aasen)

2006: «Broadway Story»

2007: «Ringaren»

2008: «The World of Oz»

2009: «Killer Queen»

2010: «MoonWalker»

2011: «Hello/Goodbye»

2012: «Fame»

2013: «Kingdom of Desire»

2014: «Moulin Rouge»

2015: «Be Our Guest»

 

 

Av: Tonje Sjølseth

2 svar til “Musikalsk Historie gjennom 20 år”

Det er stengt for kommentarer.