Gåsehud, tårer i augekroken og ei merkeleg lyst til å synge med. Har du sjansen, så gå og sjå musikalen «Be Our Guest» når me besøkjer Ulsteinvik og Fosnavåg.
Tekst og foto: Medielærar Åge André Breivik, dansande inhabil.
Det er ei reise gjennom musikalhistoria som blir framført av unge, vaksne stemmer. Laurdag fekk to fullsette kulturhus i Ørsta oppleve ei fantastisk framsyning, som markerer tjueårsjubileet for musikklina ved Volda vidaregåande skule.
Fyrste akt tek oss gjennom glimt av musikalar som «Hair», «West Side Story» og «Moulin Rouge», og gåsehudaugneblinkane er mange. Mellom anna får du Beatles-tolking av Benjamin Eiksund og Eirik Trovåg Bjørneset som du kjem til å hugse.
«Mannen min er vanlegvis ganske skeptisk, men i dag sa han allereie i pausen at han ville sikre seg billett til ei framsyning til» sa ein kollega etter premieredagen var over.
- Her kan du lese korleis folk opplevde «Be Our Guest»: Rett og slett eit heilt fantastisk show.
Andre akt er etter mi meining endå sterkare. Der kjem songen som gav meg frysningar på alle øvingar og framsyningar i fjor, og framleis greier det, når Ivar Hustadnes Muren og Kaja Rode syng operaduett i fantastiske omgjevnader. Like før har me fått sett Julie Sofie Reite heilt åleine på scena med ein fantastisk prestasjon i «Du måste finnas».
– De leverer igjen, sa Ørsta-ordførar Rune Hovde etter å ha sett fyrste framsyninga laurdag. Saman med Volda-ordførar Arild Iversen, var han godt fornøgd med det han fekk sjå.
Har du sjansen, så skaff deg billett til ei framsyning av «Be Our Guest», anten på Sjøborg kulturhus 10. februar, eller på Fosnavåg konserthus den 12. februar.
«Eg er så glad for at eg har billett i Fosnavågen også» er ein av kommentarane me fekk på Facebook-sida vår etter premiera.
Med den rungande applausen frå Ørsta kulturhus framleis friskt i minne, kan me sjølvsagt vere sunnmørsk skeptiske. For sjølvsagt kan 700 ørstingar og voldingar ta feil, men tør du ta sjansen på det?
Det er stengt for kommentarer.