Ei lita pustepause mellom all øvinga.
Ei lita pustepause mellom all øvinga.

– Kor, hysj, roper regissør og dramalærar Bente-Elin for å få ro i den store og ivrige gjengen. Alvoret er i gong, det er fyrste skikkelege gjennomkøyring av heile førestillinga.

Det er søndag, og under ei veke att til premiera av jubileumsførestillinga ”Be our guest”. På Volda vidaregåande skule er det ikkje like tomt som andre søndagar. Elevar og lærarar er opptekne med fyrste gjennomgong av både orkester, dansarar og skodespelarar. Den store kantina er stappfull av sekkar, ytterkle og nistepakkar som elevane har slengt frå seg.

Inne i den stappfulle festsalen slost både elevar og lærarar om plassen. Stemninga er intens med konsentrerte og alvorlege elevar og spente lærarar. Vi har vore på øvingar tidlegare, og det er no tydeleg at alvoret nærmar seg med stormskritt. Elevane lever seg inn i rollene med både kropp og sjel. Utanfor kan vi høyre alt livet som utspelar seg innanfor dei fire veggane. Det er ikkje tvil om kva som går føre seg her.

Ute i kantina blant alt rotet møter vi på musikkelev Tobias Torvholm Sævik frå Herøy, med ein pakke bixit-kjeks i handa.
– Vi ligg ganske godt an i forhold til tidsskjema. Dette er mitt fyrste år i musikalen, og eg er veldig imponert over kor bra det går. Det er mykje stress, spesielt når det er ein god del bytting av kostymer mellom dei ulike scenene.

Maria Fryd Vigdel Kolnes
Maria Fryd Vigdel Kolnes

Det er mange kostymer som skal prøvast og tilpassast. Maria Fryd Vigdel Kolnes frå 3MU er ei av dei med fleire roller i år. I dag er ho ikledd ein lårkort kjole med fjør og paljettar. Etter henne ligg det raude og svarte fjør strødd overalt.

– Eg håper det ikkje er berre ein tråd igjen av ”skjørtet” på den siste førestillinga”, ler Bente-Elin.

Tekst: Julie Sævik, Maren Solem, Dorthe Johanne Hovden
Foto: Eline Korsnes Sundal, Stephanie Dimmen