Korøving
Hildur Sandstad Dalen hadde ansvar for koret og alle songarar under musikalen «Be Our Guest».

«Fantastisk, rørande og takknemleg», seier kordirigent Hildur Sandstad Dalen om årets musikal.

Musikaleventyret er over for denne gong. I fleire veker har musikklærarar og elevar jobba dagar, ettermiddagar og kanskje netter. Det er med andre ord mykje jobbing bak for å få i mål eit slikt prosjekt. Men ein kan seie at jubileumsmusikalen «Be Our Guest» har blitt ein stor suksess.

I Ørsta vart det selt ut to førestillingar, i Fosnavåg var det fullt hus torsdag kveld, og det same i Ulsteinvik på tysdag.

Hildur Sandstad Dalen er ein av dei som har hatt ein stort ansvar under årets musikal. Ho har hatt dirigentansvaret saman med Sissel Marie Frøyland. I tillegg til dette har dei to hatt ansvaret for alle solistar under musikalen saman med Yngvil Birkeland, Gunnar Aurdal og Ragnhild Engeset.

– Det har vore kjempekjekt, utfordrande og gjevande å ha denne rolla, seier Hildur Sandstad Dalen.

Hildur har ei veldig blanda kjensle over at dei er ferdige for i år.

– Det er godt å vere ferdig, men samtidig er det veldig trist. Spesielt trist for tredjeklassingane, fordi det er siste gongen deira.

Hildur Sandstad Dalen -Vi tar det ein gong til. Hysj, ein, to, tre.
Hildur Sandstad Dalen: -Vi tar det ein gong til. Hysj, ein, to, tre.

Det Hildur kjem til å hugse best frå årets musikal er alle dei store nummera.

– Det er rett og slett så sjukt bra. Nokre aktørar synast eg er så profesjonelle på det dei gjer, seier dirigenten. Ho fortel også at ho kjem til å hugse årets musikal fordi ho har hatt eit så stort ansvar ho aldri har hatt før.

– Eg kan ikkje plukke ut eit høgdepunkt for årets musikal, for alt er eit høgdepunkt i seg sjølv.

Hildur har vore med på alle dei 18 musikalane som har vore og seier at dette utan tvil har vore ein av dei beste.

– Det har vore ein av dei beste, men det ha vore veldig mykje arbeid bak. Det har blitt mykje skifting av klede, sidan det er utdrag frå alle musikalane som har vore. Det er skifting av roller og måten å syngje på. I år det også koreografi i koret og det likar eg svært godt.

Tidspresset fortel Hildur har vore den største utfordringa under musikalen.

– Ein må ta avgjerder veldig raskt. Vi skulle hatt betre tid til å tenkje i gjennom ting, fordi vi må tenkje veldig klart og kjapt.

Alt i alt meiner Hildur det har vore kjekt å vore på turné.

– Det har vore interessant. Det har vore veldig fint og kjekt, men sjølvsagt krev det litt meir. Eg likar at frå premiera og til siste førestilling blir strekt ut. Det er ikkje berre plutselig ferdig, slik som det brukar å vere når vi er berre i Ørsta. Eg likar godt at vi har fått «kvilt» litt annankvar dag og vi får vere i det heile litt lenger!

Tekst: Amalie Haugland Bjørkedal