– Å syngje i kor er kjekt, men utruleg krevjande, seier Live Nilsvik og Tor-Stian Bjørneset frå 2MU. Koret i år har fleire utfordringar enn kva dei har hatt tidlegare år, det er mykje inn og ut av scena og mykje kostymeskift. 

Jubileumsmusikalen har hausta mange lovord frå publikum. Noko av det som blir trekt fram er at vi får sjå meir av koret i år. Tidlegare har dei vore meir stilleståande, medan vi i år får sjå dansande korsongarar med fleire kostymeskift. Det har vore mykje jobb å øve inn alle dei ulike songane som er med  jubileumsshowet.

-Songen som eg likar best å synge er Lady Marmalade, fortel Live Nilsvik. Den mest utfordrande songen er «Which Witch», som er ein operasong. I tillegg til å vere med i koret har Live også ein solosnutt under songen «Miss Saigon.»

live nilsvik
Live Nilsvik likar godt å jobbe med musikal.

 

Tor-Stian Bjørneset seier at det er mykje meir å gjere i koret i år ein kva det var i fjor.
-Det er veldig mykje inn og ut av scena. Det som er så spesielt i år er at vi har koregrafi i koret, seier Tor-Stian. Dei mange kostymeskifta er òg utfordrande. I overgangen frå hippie i «Hair» til stivpynta i «Grammatikk og kjærleik» har han omtrent eit halvt minutt på å skifte.

tor stian
Tor-Stian Bjørneset gler seg til å ha framsyningar i Fosnavåg.

 

– Det går akkurat kvar gong, så det funkar, fortel han.

Å reise rundt på turné synast dei er veldig kjekt. Dei har vore i  Ørsta og Ulsteinvik. Imorgon er det framsyningar i Fosnavåg som står for tur.
– Sjølvsagt er det litt mykje styr å reise rundt på turné, det er veldig mykje ein må ha med seg fram og tilbake, seier Live.
Tor-Stian fortel at han er med i riggegjengen, så for han er det ekstra travelt. Han må reise å tidlig om morgenen å rigge og kjem ikkje heim før seint på kvelden.

Tekst: Tonje Sjølseth og Amalie Haugland Bjørkedal

Foto: Anette Vågane Sunnarvik

Ett svar til “Å syngje i koret er kjekt, men krevjande”

Det er stengt for kommentarer.