Volda vgs med Elton John-musikal Om under ein månad opnar sceneteppet for Musikalen 2016. Bak teppet står over 100 elevar klare. I løpet av tre dagar får nesten 2.000 tilskodarar med seg musikalen «Goodbye Yellow Brick Road» på Ørsta kulturhus. Øvingane er allereie godt i gong med det som vert Volda vidaregåande skule sin tjuande …
Forfatterarkiv:Håvard Krøvel-Velle
– Grensa mellom amatør og profesjonell er viska ut!
Torsdag 26. februar fekk musikklinja storfint besøk av ordførar i Volda, Arild Iversen. Han kom på ordre frå formannskapet for å takke for ein fin musikal, og å overrekke ei gåve. Hendinga starta med at musikklinja framførte «Somebody to love» med solist Anna Elise Klungre Sørdal. Det var ei god stemning i romet. Arild Iversen er …
Fortsett å lese «– Grensa mellom amatør og profesjonell er viska ut!»
Ein strålande musikal
Årets musikal er over. Elevar og lærarar har brukt ferien til å slappe av og få tilbake energien. I gangane på nedrebygget ved Volda vgs har lydnivået senka seg. -Det har vore ein strålande musikal, seier produsent og avdelingsleiar Jan Terje Eidset. Han synest det har vore gøy å reise på turné og …
Biletgalleri: Orkestergrava
Orkesteret utgjorde ein stor del av årets musikal. Det har alltid vore live orkester på Volda vgs sine musikalar, men i år har dei vore meir synlege enn ved tidlegare musikalar. Somme av dei har de likevel ikkje sett, då dei har vore skjult bak filmlerreta. Her kan de derimot sjå mesteparten av dei 15 …
Biletgalleri: Framsyning i Fosnavåg
Biletgalleri: Digitale kulisser
Mange har vore involvert i arbeidet med alt som har blitt projisert på lerreta, og det har skjedd fleire endringar og utbetringar undervegs. Nedanfor kan du sjå eit biletgalleri med det som vart dei endelege digitale kulissene. [Klikk for større bilete/starte slideshow] Av Håvard Krøvel-Velle
Biletgalleri: Etter siste framsyning
Kjenslene tok overhand for elevane og lærarane etter at sceneteppet gjekk att for siste gong. Spesielt trist vart det for tredjeklassingane, som har vore med på sin siste musikal. Foto: Eline Korsnes Sundal, Stephanie Dimmen Tekst: Eline Korsnes Sundal
– Den traff meg i hjarte
Volda-elevane innfridde forventningane nok ein gong, denne gongen ytterst i havgapet. Det var fullsett sal og stormande jubel i Fosnavåg konserthus torsdag. Der var ei forventningsfull stemning i salen då musikkelevane entra scena for siste gong på turnéen. Høgdepunkta kom som perler på ei snor, og elevane innfridde forventningane gjennom heile kvelden. På slutten av …
Reportasje: siste skuleframsyning
Torsdag 12. februar heldt musikklinja på Volda vidaregåande skule den siste framsyninga av Musikalen 2015. Men før den eksplosive og endelege finalen var det Herøy ungdomskule som var MU sine gjestar, på den siste skuleframsyninga. Vi har snakka med nokre av elevane og høyrt kva dei har å seie. Produsert av: Hallvard Hunnes.
– Alt var eigentleg veldig bra!
Siste skuleframsyninga er over er, og ungdomsskuleelevane i Herøy syns førestillinga var bra! Oda Warholm – Den var bra! Mange var flinke å synge. Gine Remøy Paulsen – Alt var eigentleg veldig bra! …