Medielina ved Volda vgs synleggjer årets musikal

12. februar er det premiere på Moulin Rouge – årets musikal frå Volda vidaregåande skule. Medan det er musikklina som er i rampelyset og glinsar på scena, så er det medielina som jobbar «i kulissene» og dokumenterer, fotograferar og marknadsfører musikalen. Siste åra har medielina også bidratt sterkt til sjølve framsyningane, dette i form av …

Klar for Paris anno 1900

Tekst: Evy Karoline Vatne og Ingrid Romestrand Aarseth. Foto: Guro Lindvik Velsvik. Scena på Ørsta kulturhus er i horisonten når musikalen 2014 no nærmar seg med stormskritt. Jon Olav Sandal spelte ei av hovudrollene i fjorårets musikal, og vil følgje opp suksessen i år. Musikk, dans og drama & medium og kommunikasjon ved Volda vidaregåande …

Orkestergrava sin joker

Tekst: Hanne Elisabeth Lia og Lisa-Beth Haugen Rise. Foto: Amalie Botn Heltne. 
- Det er viktigare å spele rett enn å hugse replikkane, seier Emil Lewe. I februar har han ei viktig rolle i orkestergrava når teppet går opp for musikalen Moulin Rouge. Musikalen 2014 nærmar seg og førebuingane er allereie godt i gang. Blant …

Fotoshoot på Liadal

På ettermiddagen onsdag 22. januar drog musikk- og medialinja ut til Liadal for fotografering av hovudrollene. Fotostudio til Ma Ortiz blei fyllt med heile 5 lærarar, 6 medieelevar og 10 musikkelevar. P.S. Videoreportasje nedst i artikkelen. Ein etter ein kjem musikkelevane inn iført kostymer tildelt rollene deira. Kostymeansvarleg Yngvil Birkeland har leita fram alt frå …

Karakterbygging

– Eg er ganske nervøs for å ha ei så stor rolle, seier Sigrid Terøy Finnes. Ho spelar rolla som Satine i årets oppsetting av Moulin Rouge. P.S. Videoreportasje nedst i artikkelen. – Eg har kun hatt solosongar på musikalane før, så det blir veldig stor forskjell, seier ho. Elevane er tidleg i prosessen og i …