Tekst: Hanne Elisabeth Lia og Lisa-Beth Haugen Rise. Foto: Amalie Botn Heltne.


- Det er viktigare å spele rett enn å hugse replikkane, seier Emil Lewe. I februar har han ei viktig rolle i orkestergrava når teppet går opp for musikalen Moulin Rouge.

Musikalen 2014 nærmar seg og førebuingane er allereie godt i gang. Blant dei over 100 elevane som er involvert i prosjektet er Emil Lewe, som gjerne skulle stått på scena, men som i staden fekk ei sentral rolle i orkestergrava.

Emil Lewe

* Emil Lewe er klar for å blåse liv i musikalen. Foto: Amalie Botn Heltne.

Det var heile tida snakk om at Emil skulle spele trompet i orkesteret, men det var ikkje heilt sikkert. Då han fekk ei rolle på scena slo han tanken på det litt frå seg, men så vart det avgjort at dei ville ha «ekte blås».

– Å ha ei rolle verkar veldig kjekt, men å spele i orkesteret blir nok også veldig kult, så eg er glad og fornøgd, seier han. Årets musikal handlar om nattklubben Moulin Rouge i Paris, og i år er det ti år sidan sist den vart sett opp.

Emil fortel at det ikkje gjer så mykje at rolla han eigentleg skulle ha gjekk til ein annan – ei sentral rolle i orkesteret veg opp for det, i tillegg til at presset på å vere med i orkesteret er veldig stort og at det er mindre rom for improvisasjon.

– Det har litt meir å seie om eg gløymer ei frase på trompeten, enn om eg skulle gløymt ein replikk medan eg stod på scena, seier Emil.

Orkesterøving

* Orkesteret er i gang med å øve inn dei kring 20 låtane til årets musikal frå Volda vgs. Frå venstre: Erlend Årøen, Bendik Mork Folkestad og Ronja Voldsund. Foto: Amalie Botn Heltne.

Øving kvar dag
Framover kjem orkesteret til å øve 1-2 gongar i veka, men sidan musikalveka nærmar seg med stormskritt blir det nok oftare etterkvart. Vidare fortel Emil at det til saman blir om lag 20 songar, men at det er blås på berre 10-12 av dei.

– Den viktigaste øvinga skjer heime, så eg må nok øve kvar dag for å få det til å bli mest mogleg. Eg tykkjer det er bra med variasjon i repertoaret. Det vert alt frå can-can til opera og ballader, og det er gøy. Vi skal også spele litt storbandmusikk, og det er jo veldig positivt for oss i blåserekka, avsluttar han.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *