Tekst: Evy Karoline Vatne og Ingrid Romestrand Aarseth. Foto: Guro Lindvik Velsvik.

Scena på Ørsta kulturhus er i horisonten når musikalen 2014 no nærmar seg med stormskritt. Jon Olav Sandal spelte ei av hovudrollene i fjorårets musikal, og vil følgje opp suksessen i år.

Musikk, dans og drama & medium og kommunikasjon ved Volda vidaregåande skule gler seg til å presentere årets musikal, Moulin Rouge. Handlinga er lagt til år 1900 i Paris, og miljøet rundt den berømte nattklubben. Elevane er utruleg spente, og Jon Olav kjenner at presset er stort.

– Det er trass alt ein del som kjem for å sjå, og i tillegg har jo musikalen eit ganske så godt omdømme. Eg må verkeleg prestere det beste eg kan, og berre det skapar jo ein del press, seier han.

Dette er det nittande året med musikal. 18 år gamle Jon Olav spelte «den yngre George» i fjor, og skal spele «den yngre Christian» i år.

– Den største skilnaden i høve fjorårets musikal er at eg i år har ein del meir å synge. Eg skal også vere med i begge aktene, i fjor var eg med berre i den eine. I år er eg også eit år eldre, så då føler eg litt meir ansvar, fortel han.

Jon Olav minnest at det var veldig gøy å være med i musikalen i fjor, og veit at det kjem til å bli like gøy i år.

– Det var mykje øving, noko som kunne bli ganske så festleg til tider, men det var også slitsamt. Bente-Elin som er regissør behandlar oss på ein god måte. Ein gjekk rett og slett sjeldan frå ei øving i dårleg humør, kan 18-åringen fortelje.

Han er ein av dei over 100 elevane som arbeider med musikalen. Jon Olav fortel at dei var på kulturhuset under heile musikalveka i fjor og tilbrakte difor mykje tid saman, åt middag saman og hadde det kjempekjekt.

Om han er meir nervøs i år enn i fjor? – Eg føler meg eigentleg meir erfaren og klar til å ta oppgåva, avsluttar han.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *