12. februar er det premiere på Moulin Rouge – årets musikal frå Volda vidaregåande skule. Medan det er musikklina som er i rampelyset og glinsar på scena, så er det medielina som jobbar «i kulissene» og dokumenterer, fotograferar og marknadsfører musikalen.

Siste åra har medielina også bidratt sterkt til sjølve framsyningane, dette i form av videoar, animasjonar, digitale kulisser og visuelle effekter som er med på å styrke både handling og «showfaktor». Sist, men ikkje minst, så gir medielina eit minne for livet til elevane på musikklina, gjennom ein DVD med filmopptak av framsyningane.

Den offisielle nettsida på www.musikalen.no er også laga av elevar på medielina. Simon Dagfinrud er gruppeleiar på designgruppa og står bak årets nettside. Gruppa – som i tillegg består av Stephan Ervik, Idunn Osdal og Linn Brautaset – har også ansvaret for logo og visuell profil. Det er såleis desse som plantar biletet av årets musikal i hovudet på publikum i forkant av framsyningane.

Simon Dagfinrud

* Simon Dagfinrud står bak årets nettside. Foto: Olav Standal Tangen.

På nettsida vil det i tida fram mot musikalen bli posta mykje spanande artiklar, foto og videoreportasjer som synleggjer vegen fram mot premieren. Følg oss gjerne i den spanande prosessen!

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *