– Fantastisk, slitsam og givande!

Dette seier Sigrid Terøy Finnes, som spelte hovudrolla som Satine, om musikalveka. Tre veker har gått sidan framsyningane på Ørsta kulturhus, men kapittelet er ikkje lukka og låst av den grunn.

– Musikalopplevinga var veldig bra, og eg sit igjen med mange gode minner, fortel ho.

Framsyningane vart filma, og skal i løpet av mars visast fram til alle involverte.

– Eg syns det gjekk bra å stå på scena. Det er jo litt press når du tross alt skal prestere på kvar einaste framsyning, men eg syns at alle var veldig flinke. Å sjå seg sjølv på scena blir nok veldig rart, men eg håper det blir bra. Det blir både spanande og skummelt, seier ho.

Sigrid nynner litt medan eg er oppteken med å notere, og tenkjer seg godt om før ho svarer.

– Mitt beste minne må vere skuleframsyninga der vi berre kødda og overraska alle saman! Premiera og siste framsyninga på fredagen var også veldig spesiell. Det er trist at det er over, avsluttar ho med eit smil.

Frå teppefall til premierefest

– Eg gler meg utruleg mykje, seier Eirik Trovåg Bjørneset. For tre veker sidan gjekk sceneteppet igjen og om tre veker er det klart for premierefest for elevane.

Torsdag 27. mars skal elevane samle seg på studenthuset Rokken. Her får dei servert god mat og alle har på seg finklede.

– Det som skjer på årets premierefest er at ein får høve til å sjå heile musikalframsyninga pluss nokre smakebitar frå prosessen, seier Jan Terje Eidset.

På premierefesten får musikkelevane sjå seg sjølv for første gong frå akkurat denne settingen.

– Eg gler meg til å sjå meg sjølv og korleis eg framstår både som songar og skodespelar, sidan eg ikkje har sett meg sjølv frå publikum sitt perspektiv, seier Eirik Trovåg Bjørneset.

Helenah Mpanza Lindalen fortel at det er utruleg bra stemning på premierefestane. Ho har vore med på dei to siste åra. Denne kvelden held elevane frå tredje klasse ved musikk taler som er til lærarane, for å takke for tre år på musikklinja.

– Det blir utruleg trist med tanke på at vi aldri meir skal vere med på musikalen, men vi forlata musikklinja stolte over det vi har fått til.

Tidlegare har premierefesten vore i musikalveka og visning av framsyninga har vore seinare. Men denne gongen har alt blitt slått saman til eit.

-På denne premierefesten så får vi jo faktisk sett musikalen også, så dette blir vel enda betre, seier Helenah.

Stort fotogalleri

Her kjem fleire bilete frå dei fantastiske framsyningane.

Backstage

Fotografane tok turen innom backstage for å sjå korleis stemninga var der, det dei møtte på var utrulig mange smilande og ikkje minst spente elevar.

Etter Moulin Rouge stengte dørene

 

Fire veker har gått og siste forstillinga er ferdig og det er vinterferie no. Det har vore slitsamt, kjekt, spennandes, utfordrande, nervar etc.  Det har vore ei veke med planlegging, to veker med teikning, knappe ei halv veke med planlegging av filming og resten av tida har det berre vore filming i hovudet mitt.

Til saman har eg og fleirkamera-gruppa filma ei gjennomkøyring, ei generalprøve og fem forstillingar. Det har vore nokre små forandringar i korleis vi vel å filme forskjellige scenar, men elles har det vore det same. Det høyres ut som det blir keisamt etter kvart, men faktisk har det vore ganske artig. Eg har jo kunne sett alle forstillingane frå ein veldig god sitteplass og det er heilt utroleg å tenkje på at førre måndag, to dagar før premiera, kunne eg ikkje sette i eit batteri på kameraet eingong, men no føler eg at eg har veldig god kontroll på kva knappar som gjer kva og korleis man setter kameraet fast i stativet og korleis ein løyser det att.  Det høyres ut som veldig basic stuff, men eg har eigentleg aldri hatt moglegheita til å setje meg inn i HD-kamerane. Dei kostar kjempe masse og eg er passe klumsete so eg har eigentleg aldri prøvd å få satt meg i det, men det er veldig kjekt å vite at eg faktisk kan bruke eit slikt kamera dersom eg skal trenge det.

Eg har prøvd å illustrere meg sjølv og kva eg tenkjer om musikal prosjektet.

Eg har óg fått ein del skadar frå dette prosjektet… Eg har mange små blåkular frå å ha gått på armlena på stolane i salen på kulturhuset. Då eg kom fram til at å klatre over stolane i staden for å gå rundt ville gå mykje raskare gikk det ikkje so bra som eg hadde forventa og fekk ein enda større blåkul. Det var ein dag eg gløymte å ete so eg var nær ved å svime av under photoshooten. Under applausen når alle kjem fram og bukkar var det ståande applaus på alle forstillingane (velfortent!) så måtte eg løyse kameraet frå stativet og holde det. Under siste forstillinga klarte eg å stikke kanten på Viewfinder-en inn i auga (Viewfinder er  den man brukar å sjå gjennom på kameraet når skjermen ikkje er oppe. ). Det gjorde vondt og eg er ganske sikker på bildet rista mykje idet det skjedde… men eg har verkeleg hatt det supert! Eg ville begynt på prosjektet om att om eg kunne gjort det.

Eg vil bruke litt plass her til å komplimentere Musikk-linja! De er heilt sjuke (meint på best mogleg måte). Fekk frysningar på fleire av songane og under Phantom of the Opera og finala fekk eg frysningar kvar gong eg såg det (sann ca 8-10 gongar), og koret på scena gir songane det lille ekstra!  Og eg elskar folk som verkeleg klarar å leve seg inn i rolla si! For å berre nemne nokre; Eirik, Elias og Pernille som Bohemane, Åse som Mme. Zidler, Trygve som Hertugen, Sigrid som Satine og lista berre fortsett! Eg hadde ikkje kunne filma ein so fantastisk musikal utan dykk.

Konklusjon: Veldig, veldig, veldig glad for at eg fekk vere ein del av Moulin Rouge!

 

Premiere moulin rouge 2014

Stort fotogalleri fra premiera på moulin rouge.

Mange kostymeskift – måtte lage ekstra scene

– Det er veldig betryggande for meg at dei laga ei ekstra scene for at eg skal rekke å skifte mellom scenene, seier Sigrid Terøy Finnes som spelar hovudrolla Satine i årets oppsetning av Moulin Rouge som hadde premiere onsdag.

Sigrid har ein travel dag torsdag, med blant anna lydsjekk og sminke.

– Eg har faktisk fire kostymeskift i løpet av framsyninga, og eg har veldig dårleg tid så av og til er eg faktisk nødt til å stå i trappa bak orkesteret å skifte før eg skal tilbake på scena, seier ho.

Med gårsdagens vellukka premiere framleis friskt i minne gjenstår fire framsyningar.

– Eg er litt rolegare i dag enn eg var i går, men litt nervar er det jo. Det er også litt press sida det er to framsyningar, og vi må gi alt på begge, avsluttar ho.