På ettermiddagen onsdag 22. januar drog musikk- og medialinja ut til Liadal for fotografering av hovudrollene. Fotostudio til Ma Ortiz blei fyllt med heile 5 lærarar, 6 medieelevar og 10 musikkelevar.

P.S. Videoreportasje nedst i artikkelen.

Ein etter ein kjem musikkelevane inn iført kostymer tildelt rollene deira. Kostymeansvarleg Yngvil Birkeland har leita fram alt frå slitne vestar og korte bukser til vakre kjolar med paljettar. Medan den eine får instruksar framfor kamera om korleis ein skal posere, er dei andre spreidd omkring i studio. Nokon sminkar andre, andre blir sminka, nokre tek bilete og resten pratar med regissør Bente-Elin Johnsen. Etterkvart som fleire skal bli tatt bilete av kjem fotografane Guro Osborg Kvammen, Amalie Botn Heltne, Guro Lindvik Velsvik og Nina Hangeland vekselvis fram og småpirkar med sminka deira. – For blått, for brunt, meir augeskugge … Slik held dei på ei stund, heilt til ein høyrer: – Perfekt!

Når musikkelevane er plassert framfor kamera, spør dei tvers over rommet: – Korleis er karakteren min no igjen? Kan eg stå slik? Korleis får vi fram det? Bente-Elin sukkar med eit smil om munnen og forklarar. Fleire bilete blir tatt. – Neste!

Olav Standal Tangen spradar rundt med kamera i samband med videoreportasjen som skal lagast. Ma stiller på lys og held ei isoporplate som vert brukt som reflektor, Guro står på ein liten krakk og tek bilete, Bente-Elin og makker Jan Terje Eidset kjem med innspel og instruksar til dei framfor kamera. Etterkvart slår nokon på musikk, ”I Hope You Don’t Mind” kjem på, og rommet blir fyllt med endå meir Moulin Rouge enn før.

Amalie Botn Heltne

– No held vi på å ta portrettbilete av alle rollekarakterane, eller – alle som har replikkar. No er vi ferdig med gutane, det var dei som tok lengst tid. Sminke tok også lenger tid enn forventa, og no er vi endeleg ferdige. No skal vi byrje med fotoshoot av ”girlsa”, så no må vi forandre heile lyssetjinga! Woohoo!

Ho blir brått stansa mitt i setninga då medielærar Håvard Krøvel-Velle kjem inn med noko i hendene.

– Oj! Sjå, vi har røykmaskin!

Amalie røyser seg og går bort for å sjå nærmare.

Elias Odden Slettevoll

– I dag har vi kanskje ein av dei viktigaste dagane for programheftet sin del. Vi går inn i rolla vår slik at vi får uttrykt korleis karakterane våre er i musikalen. Dette gir publikum ein smakebit på korleis stykket vil bli.

Satin sin fjørboa stryk elegant over dataskjermen min idet ho passerar oss.

Personleg vil eg seie at Eirik Trovåg Bjørneset, altså Toulouse, er den personen eg beundrar mest i denne musikalen. Han er den rollefiguren som binder saman alle karakterane. Han er også den som kanskje startar heile dette dramaet, hehe. Og kostymet i seg sjølv fortel kven denne mannen er. Han er ein smaklaus elefant.

Eirik ler.

– Han kallar seg sjølv ein apekatt, det passar bra.

Eirik Trovåg Bjørneset

– Eg spelar då Henri Marie Raymond Toulouse-Lautrec-Montfa. Han er ein ekte kunstnar, ganske orginal, han prøver å vere noko utanom det vanlege. Ein ganske crazy fyr som drikk seg full på fritida. Han drikk absinth, 86%. Det vanskelegaste med å ha hovudrolle er at det blir litt for useriøst av og til, ein dett ut, men elles går det fint. Tulouse er ganske lik meg sjølv eigentleg, anna enn at eg ikkje drikk meg full på absinth.

Jan Terje Eidset

– Bileta frå fotoshooten er jo då hovudsakleg tiltenkt programheftet som vert delt ut til publikum. Det er viktig å fokusere på rollekarakterane til rollene, så det ikkje berre blir skulefotografering. Vi skal fange karakterane, ikkje dei som speler dei, det er jo ganske krevjande i seg sjølv, både for fotograf og dei som har rollene. Det kan vere ein ganske tidkrevjande prosess å faktisk få det til.

– Tykkjer du dei gjer ein bra jobb så langt?
– Ja.

Videoreportasje

Alle skodespelarar med replikkar i årets musikal vart fotografert med fullt kostyme i fotograf MA Ortiz sitt studio på Liadal. Laga av Magnar Aunmo og Olav Standal Tangen. Musikk: «Flying High» av Jon Olav Sandal. Lydteknikar: Anders Boska.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *