Vi har fire veker på å få laga dei beste digitale kulissene vi kan for å gi dykk som publikum den beste opplevinga de kan få. Vi har planar om å lage ein film som skal ta dykk med til Moulin Rouge, der det skal verte eit forrykande show med lys og fargar som, vi i alle fall håper, vil hjelpe til med å la musikalen bli ei minneverdig oppleving.

Det er vanskelegare enn ein skulle tru. Vi har allereie brukt ei veke på planlegging av intro og digitale kulisser til sjølve handlinga i musikalen, og vi har enda til gode å kome skikkeleg i gang. Men vi skal klare å få alt klart til premieredagen, om det så blir det siste vi gjer!

Eg vil ikkje seie for mykje konkret om kva det er vi har planlagt, litt fordi vi framleis er litt i planleggingsfasen, men også fordi eg tenkjer at det skal vere ei lita overrasking. Men eg kan kanskje gje dykk eit hint? Hmm … UTKLIPP. Det er mitt lille subtile hint de kan få gruble på. Kanskje det kjem fleire hint fram mot musikalpremieren?

Dei neste vekene framover trur eg det ikkje blir mykje dødtid, men heller ein del stress, men på ein god måte. Det blir artig å kunne sjå effektane sakte men sikkert ta form og få ei meining, og vi på fleirkameragruppa skal om ikkje lenge byrje å planlegge korleis vi bør filme musikalframsyninga for å få best mogleg resultat. Eigentleg så har musikalprosjektet berre så vidt byrja.

Leave a comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *