Fotografering

Oppgåva til fotogruppa er å dokumentere gjennom bilete kva musikk og medieelevane gjer i løpet av musikalprosjektet. Det inneber at dei må ta bilete av dramaøvingar, korøvingar, danseøvingar, solistøvingar, filming o.l. Dei skal også hjelpe PR med bilete til avis, webside og trykksaker. Når dei har tatt bileta lagar dei bileteseriar som vert lagt ut …

Videoreportasje #4

I musikkbrakkene på Volda vgs øver orkesteret for full dundre (derav den skurrete lyden). Tjue TOTO-låtar skal øvast inn og framførast live under framsyningane. Her kjem ein liten smakebit. Laga av: Lene Flataker og Ida Ertesvåg på medielinja ved Volda vgs. # EPISODE: 4 Bandøving from Musikalen Volda vgs on Vimeo.

Korreksjon

NB! I dagens utgåve av Regionavisa står det at det er tre framsyningar og forventa bortimot 1000 publikummarar (vi har gitt Regionavisa feil informasjon). Riktig skal vere: fire framsyningar og forventa bortimot 1200 publikummarar. Med fullsett sal også på skuleframsyninga så er forventa publikumstal ca. 1500.

Videoreportasje #3

Kort videoreportasje frå ein torsdag med 2MK1 på medielinja ved Volda vidaregåande skule. Under musikalprosjektet jobbar medielinja 24/7, langt utover den timeplanfesta skulekvardagen. Då må det vere lov med litt leik og pause også innimellom. Laga av: Brynhild Dagslott og Mari Paulsen Dalsbø på medialinja ved Volda vgs. #EPISODE 3: Ein torsdag med 2MK from …

Dokumentering

Dokfilm består av fire kjekke, supre og arbeidsglade elevar. Deira si oppgåve er å få dokumentert alt som skjer gjennom heile musikalperioda og til slutt redigere saman ein dokumentarfilm om prosjektet. Martine Barstad er gruppeleiar for Dokfilm, og har store forventningar til musikalen. «Eg har høyrt veldig mykje positivt om musikalen, frå både musikkelevar og …