Vi har no fått høyre mykje om kva musikkelevane og mediaelevane tenkjer om musikalen og kva forventningar dei har. Men kva tenkjer dei som er utanfor? Dei som ikkje er musikkelevar eller medieelevar. Rektor og tre jenter frå allmenn har svart på kva dei tenkjer om årets musikal.

Rektor, Trond Hjelseth, har sett heile 10 musikalar, og favoritten til no er Moulin Rouge. Han har store forventningar til årets musikal og gleder seg mykje til å sjå den! “Musikalen er noko spesielt vi har her på skulen!”

Natalie Eltvik og Amanda Opsal har kun vore på ein musikal, når dei gjekk på ungdomsskulen. No gleder dei seg til å sjå årets og håper at den blir veldig bra.

Martine Evebø brukte å vere på musikalar når ho var mindre og likte det veldig godt. “Eg gleder meg spesielt til å sjå dansane som er i år!” seier ho med eit stort smil.

_DSC3612 copy
Trond Hjelseth

natalieamanda
Natalie Eltvik og Amanda Opsal

martine copy
Martine Evebø